Tid for ti: Aksjon for 7. trinn

Tid for ti er eit lesetiltak for elevar på 7. trinn. Hjartet i aksjonen er ein antologi med utdrag frå ti bøker på nynorsk.

Antologien blir sendt til påmeldte skular i januar kvart skuleår. Ei eiga nettside, www.tidforti.no, er knytt til aksjonen. Her er tekstane, bonusspor og lydfiler tilgjengelege. Det er aktivitetar og konkurransar under aksjonsperioden, og elevar har moglegheit til å  gje tilbakemeldingar på tekstane som er med i antologien. Til Tid for ti følgjer og ei rettleiing for lærarar.