Donald Duck på skolen
Teikneseriar er nesten fråverande i den norske litterære floraen. I Sverige underviser dei i Donald Duck på barneskolen. Kva er det med teikneseriar?
Alle har lest teikneseriar og alle veit at den første ruta er den oppe til venstre, og alle veit kva som er skilnaden på ei tenkjeboble og ei snakkeboble. Men kva var den siste teikneserien du las?
Til å vere eit medium som så mange har kjennskap til, er det lite lesing av teikneserie i land som Noreg og Sverige. Samanliknar vi oss med Frankrike eller USA, kan vi snakke om ulike kulturar. I desse landa blomstrar teikneserien. Foreningen !les har i fleire år prøvd å løfte fram teikneseriar gjennom antologiane tXt og Rein tekst, som blir sendt ut til ungdomskolar og vidaregåande skolar. For ei tid tilbake fekk vi alarmerande tilbakemeldingar frå ungdom. Fleire fortalte at dei visste om Donald Duck og Bamse, men at dei aldri las teikneseriar sjølv. Eller som ein elev fortalte oss da læraren sa han kunne lese Jason: ”Men er det å lese da?”
I Sverige har Egmont Kids Media og Seriefrämjandet hatt eit pilotprosjekt for tre klassar på ein barneskole i Malmø. Prosjektet heiter ”Kalla Anka i skolan”, og på Bokmessa i Gøteborg i september vart nettstedet www.serieriundervisningen.se lansert. Her kan alle gå inn på nettet og finne materiell og lese korleis skolen i Malmø har lagt opp undervisninga i samband med ”Kalle Anka” – Donald Duck.
Målet med ”Kalle Anka i skolen” er å auke både lesegleda og lesekunnskapen hos barn i 3.-6. klasse. Elevane les Donald Duck, og arbeidar med denne teikneserien på same måte som andre elevar arbeidar med vanlege tekster i skolebøker.
Foreningen !les var på Bokmässa i Gøteborg og høyrte på da representantar frå Egmont Kids Media og skolen la fram prosjektet. Lærar Melinda Galaczy sa det slik: ”Det finns många, väldig många, fördelar med att arbeta med serier i undervisninga, framförallt med dem av meir berättande karaktär, vilket Kalle Anka är ett exempel på. Läsglädjen, att få stöd av bilderna i sin läsning och att lära sig den klassiska berätterstrukturen är några av dem.”
Læraren legg vekt på leseglede som oppstår når barna les og arbeidar med Donald Duck. Å arbeide med, og lese om, denne underlege anda utan bukser, skapar leselyst hos barna. Læraren meiner også at teikneseriar er ein god inngang til å betre forstå forteljingar og korleis dei er bygd opp. Slik viser prosjektet korleis teikneseriar kan brukast i vanleg litteraturundervisning.
Prosjektet i Malmø viser at vi kan løfte fram teikneseriar, både i bokhandlar og på bibliotek, både i pressa og når vi skriv og snakkar om litteratur. Ofte blir teikneseriar omtala synonymt med noko som er lett og enkelt. Det stemmer ikkje alltid, og det er heller ikkje så interessant. Teikneseriar fenger, og dei kan vere ein glitrande inngang til litteraturen, eller til vidare lesing av teikneseriar.
Så får ein heller stille spørsmålsteikn ved at skolen slepp til ein kommersiell aktør som Egmong Media Kids. Og ein kan jo stille seg spørsmålet kvifor elevane skal lese Donald Duck. Det finst fleire teikneseriar som er både betre og meir interessante for barn. Men teikneseriar på skolen? For ein god ide!
Av Lars Petter Sveen
Foreningen !les
lars.petter@foreningenles.no
NB! Denne teksten stod på trykk i Bok & samfunn nr. 9/2013.