Zlatan får ungdom til å lese meir
Den svenske fotballspelaren Zlatan Ibrahimovic er nominert til svensk kulturpris for å ha fått ungdom til å lese meir gjennom sin biografi «Jeg er Zlatan».
Zlatan kan få Läkerols kulturpris den 13. juli fordi han har fått «unge til å gjenoppdage bokas verd», skriv NRK.
Sjølvbiografien handlar om livet til fotballstjerna som vaks opp i det belasta innvandrarstrøket Rosengård i Malmø, av fattige foreldre frå Bosnia og Kroatia, og vart ein av verdas mest kjente fotballspelarar.
Han har vunne åtte ligagull med storklubbar som Ajax, Inter, Juventus, Barcelona og Milan.
Font forlag utgjer boka i Norge.
Les meir her.