Verdas poesidag: Diktanbefalingar frå Foreningen !les

Laurdag 21. mars er det Verdas poesidag. Her finn du eit utval anbefalingar av diktbøker til barn, ungdom og vaksne frå Foreningen !les.

Skrevet mars 20, 2020 i Barneskole, Bibliotek/lærer, Boktips, Formidling, Lærer ungdomsskolen, Lærer videregående, Nyheter

Verda poesidag er ein FN-dag som blir markert 21. mars kvart år. Formålet er å skape merksemd rundt lesing, skriving, publisering og læring av poesi over heile verda. (Wikipedia)

Foreningen !les formidler poesi gjennom våre ulike tiltak. Under finn du eit utval anbefalingar.

BARN:

Dei tre første bøkene her er henta frå vårt høgtlesingsprosjekt for småtrinnet, Leseskogen. Klikk på tittel for å lese meir.


Kom si, kom sa
Eva Jensen
Illustrert av Iben Sandemose
Aschehoug 2017


Rim det har rablet for
Christian Løchstøer
Illustrert av Siri Dokken
Aschehoug 2017


Pling i bollen – fine og ufine barnerim
Ingvild H. Rishøi
Illustrert av Bendik Kaltenborn
Cappelen Damm 2011

Desse to diktbøkene frå Ruth Lillegraven har vi brukt i den nynorske leseaksjonen Tid for ti på mellomtrinnet. Klikk på tittel for å lese meir.


Skogen den grøne
Ruth Lillegraven
Illustrert av Mari Kanstad Johnsen
Samlaget 2018


Eg er eg er eg
Ruth Lillegraven
Illustrert av Mari Kanstad Johnsen
Samlaget 2016

UNGDOM:

Trygve Skaug er nominert til Uprisen – årets ungdomsbok for diktsamlinga Følg med nå (klikk på tittel for å sjå kva ungdom meiner om boka).

Her kan du høyre Skaug sjølv lese høgt frå boka:

Fleire diktbøker fekk bokmeldingar frå ungdom på uprisen.no hausten 2019, blant anna (klikk på tittel for å sjå kva ungdom meiner om desse bøkene):


Kom og sett meg i orden
Kristian Bergquist
Aschehoug 2019


Når er jeg gammel nok til å skyte faren min?
Åse Ombustvedt
Illustrert av Marianne Gretteberg Engedal
Ena 2019

UNGE VAKSNE:

Dei tre første bøkene under er bøker som har vore nominert til Ungdommens kritikarpris i vidaregåande skule. Klikk på tittel for å sjå kva nominasjonsjuryen frå Norsk kritikarlag meiner om bøkene.


Svamp
Morten Langeland
Flamme 2019


Mørket er et mirakel
Sonja Nyegaard
Kolon 2018


Lenis plassar
Øyvind Rimbereid
Gyldendal 2017

Dei tre neste er bøker vi har brukt utdrag frå i Rein tekst-aksjonen i vidaregåande skule. Klikk på tittel for lese meir.


Dette skjer ikke
Ida Lórien Ringdal
Tiden 2017


Søster
Gro Dahle
Aschehoug 2016


Romaner
Bård Torgersen
Flamme 2015

SLAMPOESI:

I samarbeid med lokale festivalar, er vi og arrangør av NM i slampoesi. Gjennom heile året blir det arrangert delfinalar rundt omkring i Noreg. Vinnarane frå delfinalane konkurrerer om å bli norsk mester under ein finale i Oslo i november kvart år. Her kan du sjå ein film som Journalen TV laga i samband med finalen i Oslo i 2019:

Slampoesi og Foreningen !les er og ein del av Litteraturfestivalen på Lillehammer. Vi arrangerer blant anna Slamfest under Banknatta og har vore medarrangør av Nordisk meisterskap.

Her kan du sjå svenske Olivia Bergdahl i aksjon under festivalen i 2017:

Og her danske Peter Dyreborg i samband med Nordisk mesterskap i 2017: