Uprisen presenterer juryklassane: Sagatun skule
Leselysten har nådd nye høgder
Det heng høgt å vere med på å kåre dei beste bøkene til u-prisen.
Dei 23 elevane i 9. klasse ved Sagatun skule har storkosa seg med oppgåva, og har med liv og lyst pløydd seg gjennom mange sider med spenning og kvardagslege hendingar.
Kritikarfadder Guri Fjeldberg svinga inn Sognefjorden og stogga i Balestrand og gav oss mange matnyttige leseråd og innfallsvinklar.
No nærmar me oss slutten på lesinga og gler oss til å seie vår meining når vil kjem over fjellet og inntek Lillehammer i mai.