Ungdommens kritikarpris presenterar Fyrstikkalleen vgs, 1STC
I klassa vår går det 31 elevar som kjem fra ulike delar av Oslo Øst: Furuset, Hasle, Lindeberg, Mortensrud, Bjerke, Kalbakken, Grorud og Høybråten. Vi er Østkantens crème de la crème!
Vi er 1STC på Fyrstikkalleen skole, også kalla F21. Skulen ligg på Helsfyr i Gamle Oslo og er ein av få kombinerte ungdoms- og vidaregåande skular i landet. Det vil seie at vi har elevar frå 8. trinn til 3. klasse på vidaregåande. I klassa vår går det 31 elevar som kjem fra ulike delar av Oslo Øst: Furuset, Hasle, Lindeberg, Mortensrud, Bjerke, Kalbakken, Grorud og Høybråten. Vi er Østkantens crème de la crème!
Vi er ein aktiv og kreativ gjeng med mange ulike fritidsinteresser: Fleire driv med fotball og hockey, som er populære idrettar i vårt område av byen. Nokre dansar og driv kampsport og vektløfting, og vi har óg ein elitespelar i sjakk i klassa vår. I tillegg er kunstneriske interesser representert ved at vi har habile teiknarar blant oss. Alt i alt er dette ei gruppe sosiale, trivelege, imøtekommande, sporty og morosame elevar – til tider kaotiske, men vi kan kalle det eit kreativt kaos.
Fleire i klassen likar å lese, men det å lese nyare norsk samtidslitteratur er nytt for dei fleste. Spenningslitteratur som fantasy og krim er det dei fleste vel å lese sjølve. Populære bøker er Harry Potter- og Percy Jackson-bøkene, men Drageløperen, 50 shades of Grey og A Clockwork Orange er også favorittar hos nokre elevar. Det blir spennande å sjå om bøkene til Roy Jacobsen, Nikolai Frobenius eller Merethe Lindstrøm blir å finne på favorittlista når vi oppsummerer i mars.
Kva ønsker vi å få ut av prosjektet ”Ungdommens Kritikerpris”? Vi ønsker å bli enda flinkare til å lese og å skrive. Vi ønsker å utvikle betre leseforståelse, auke lesehastigheten vår, og å bli meir oppmerksame lesarar. Vi håpar óg at det å vere juryklasse vil gjere at vi får enda meir lyst til å lese.