Delta i debatten

Er du einig? Handlar forelsking berre om Biologi? Kva med dei homofile?

EI FORKLARING
Om gutar, jenter og Den store biologiske planen

Når du blir forelska, begynner du å puste fortare, du raudnar, hjartet ditt bankar, pupillane blir store, og leppene blir raude.

Kvifor oppfører kroppen seg slik?
Fordi du er nær ei eller ein som du kan samarbeide med når du skal gi ditt bidrag til Den store biologiske planen. Kroppen din fortel deg at du er klar for sex!

Dei synlege og godt kjende teikna på forelsking informerer også den utvalde. Teikna er så tydelege at det ikkje nyttar å prøve å skjule dei. Du må berre finne deg i at kroppen din er begynt å snakke utan ord.

Og utan å spørje deg først.
Det er nemleg hjernen, utan å rådføre seg med resten av kroppen, som har sett det heile i sving. Han har rett og slett tatt styringa. Vanlegvis produserer han jo både tankar, ord og kjensler, ofte i samarbeid med «deg». Men når det gjeld forelsking, er det annleis.

Forelskinga er så viktig i eit menneskeliv at ho ikkje kan overlatast til tanken. Her er det kjenslene som rår, dei tek kommandoen, og dei gjer det ved hjelp av dopamin.

Dopamin er eit signalstoff. Hjernen produserer det for å gi resten av kroppen signal eller beskjedar. Frå eit ørlite punkt i hjernen blir dopaminet «skote ut» til dei delane av hjernen som bestemmer kva du skal ta deg til.

Når du får eit dopaminskot, får du ei intens kjensle av glede. Du vil smile eller får – slik som Kristoffer i forteljinga over – intens lyst til å le.

Utskytinga av dopamin går så fort at du ikkje merkar det, derfor kan du heller ikkje stanse det. Det er som når du pustar. Du treng ikkje tenkje på å puste, hjernen passar på.

Og likevel er her ein skilnad. Du kan nemleg sjølv avgjere kor ofte du vil ha dopmin, slik har hjernen ordna det. Han «veit» nemleg at du vil prøve å oppnå mest mogeleg lykke, og derfor har han valt ut visse handlingar som gir deg nye påfyll av dopamin. Desse handlingane er ofte knytte til det å meistre utfordringar, det å lære noko nytt – eller finne ein kjærast. Alt dette er handlingar som skal tene Den store planen. Av den grunn blir dei straks lønte med dopamin og påfølgjande lykkekjensle.

På snedig vis blir vi altså styrte til å vere med på planen. Dopaminet sørgjer for det. Det gjer det ved å farte rundt i hjernen og gi oss lyst til å le.

Beskjeden som dopaminet gir oss, er slik: Gjenta det som du gjer nett no, så blir du glad!

Gleda får oss altså til å gjenta ei viss handling, for sjølvsagt vil vi vere glade og lykkelege. Så vi gjer alt vi kan for å få eit nytt dopaminskot. Vi et sjokolade, vi drikk alkohol eller misbruker narkotika. Det er nemleg ikkje berre handlingar som blir lønte med dopamin. Ein del mat og drikke kan gi ein liknande verknad. Og narkotika. Narkotika kan få dopaminet til å samle seg i så store mengder at vi blir rusa. I verste fall klarer vi ikkje takke nei til nye inntak, vi blir avhengige, og dermed blir også hjernen sett ut av spel. Dei sterke rusmidla overstyrer planen til hjernen.

Men kva er det hjernen vil med oss? Han vil få oss til å lage barn. Og for å få dette til styrer han resten av kroppen til å tene Den store planen, ein plan som sjølvsagt er lik den trongen alle andre
dyr har til å reprodusere seg. Veldig grovt kan vi oppsummere oppgåvene til dei ulike kroppsdelane slik: Musklane og beingrinda set oss i stand til å bruke reiskapar, byggje hus, jakte eller gå på arbeid. Munnen og magen skaffar energi og vedlikehald av kroppen.

Kjønnsorgana gir oss nye barn. Mens hjernen sjølv styrer alle desse funksjonane. Han gjer det ved å passe på å få oss glade. Ved hjelp av dopamin får hjernen oss til å like å ete, spesielt det som er søtt og har mykje energi. Han får oss også til å ta utfordringar og å lære oss nye ting.

Og han får oss til å like sex.

Gutar blir lykkelege over jenter. Mens jenter blir lykkelege av å støyte på gutar. Alt ved hjelp av dopamin. For både gutar og jenter produserer dopamin.

Men kvifor dei produserer ulike mengder dopamin alt etter kva gut eller jente dei ser, har forskarar ulike svar på. Psykologar meiner at det kan ha noko å gjere med at kroppen har trong til å kjenne seg trygg. Det vil altså seie at du forelskar deg i ein person som liknar på ein du alt kjenner, og som du derfor veit at du kan vere trygg på.

Dette kan vere rett. Men tryggast er det nok likevel å seie at framleis er denne biten av forelskinga si rolle i Den store biologiske planen eit uløyst – og herleg – mysterium.