Den Store Faktafyk-kvissen

Delta i kvissen og vinn fakta- og dokumentarbøker!

Alle klassar som sender inn rette svar blir med i trekninga av bokpakkar med splitter nye fakta- og dokumentarbøker for ungdom. Mange av desse bøkene er nytta eller tipsa om i Faktafyk av året.

Kvissen har minst eitt spørsmål frå kvar artikkel i Faktafyk, i alt 25 spørsmål. Dei har ulik vanskegrad og nokre av dei har svaralternativ. Hugs at svaralternativa ikkje alltid gjer det enklare å svare, men kan ha som misjon å forvirre deg! Spørsmåla kjem i same rekkjefølgje som artiklane i magasinet.

Deltar heile klassen kan ein jo dele artiklane seg imellom. Fristen for å sende inn svarskjema er 1. april 2013 til kristine@foreningenles.no / Foreningen !les, Øvre Vollgate 15, 0158 OSLO. Hugs å oppgi kontaktinformasjon om klassen sender inn svarskjema per post. Dei korrekte svara vil bli publiserte her dagen etter, 2. mars 2013.

Lukke til!

«På to hjul»
1
. Kva moped likar eigentleg juryen aller best, men blir ikkje kåra til vinnar fordi han er så dyr?

«Ungdomsbøker»
2
. Kva heiter hovudpersonen i I havet er det krokodiller?

«Mennesket vet lite»
3
. Korfor kutta gravrøvarane av hender og bein på lika?
4. Kva museum jobba Donald Duck som vakt på?

«Følg drømmen din»
5
. Kva er Little Cupcakes?
a) Små, deilige kaker som Fam Irvoll er ekstra glad i.
b) Namnet på barnekolleksjonen til Fam Irvoll.
c) Namnet på hårbøylane som Fam Irvoll er så kjent for.

«Yrke: fantasyforfatter»
6.  Kva heiter fantasytrilogien som Hans Frederik Follestad har skrive?
7
. Korfor signerer forfattaren ofte med ”James Bond”?
a) Fordi James Bond er idolet hans.
b) Fordi James Bond liknar på Jonny Bånd som er Follestad sitt eigentlege namn.
c) Fordi han kan. Ingen sjekkar signaturar så nøye uansett.

«Heltinne i tre dimensjoner»
8. Kven er Lara Croft?

«Monsterøglene på Svalbard»
9. Når var tidsperioden jura?
a) 100-200 millionar år sidan.
b) 200-145 millionar år sidan.
c) 200-65 millionar år sidan.
10
. Når drog Øglegravarane til Svalbard for første gong?
11. Kva er ein Øglegravar?
a) Ein som leitar etter skjelett etter daude øgler.
b) Ein som leitar etter lika etter daude øgler.
c) Ein som leitar etter øglar – daude eller levande.

«Forelska?»
12. Kven er Kristoffer forelska i?
13. Kva er dopamin?
a) Pannekaker til middag.
b) Ein kjærast.
c) Signalstoff til hjernen som gir deg ei intens kjensle av glede.

«Mods fra Moss»
14
. Kva tyder Unga Bunga på italiensk?
a) Sexskandalane til tidlegare president Silvio Berlusconi.
b) Rock´n roll.
c) Ugler i mosen.

«Ska-bergensere med ryggrad»
15
. Ska er ein musikksjanger som kjem frå …
a) Bergen.
b) Skandinavia.
c) Jamaica.
16. Kva heiter debutalbumet til Razika?

«Fotball i Sør-Amerika»
17. Kor kom fotballspelaren Garrincha frå?
a) Sør-Amerika.
b) Sør-Afrika.
c) Brasil.

«Nettmobbing»
18. Kva er Formspring?
a) Et løp på 5 km for nybegynnarar.
b) Sosialt nettsted der brukarane kan velje å vere anonyme.
c) Det same som Facebook.

«De ”glemte” vinnerne»
19. I kva sport stilte et lag med britiske politimenn?

«Alle har en historie å fortelle»
20. Kva språk kan Sarah?

«Mafiastyrt tenåringsliv»
21. Kvar ligg Forcella?
22. Kva tyder omertà?

«Kan ungdom redde verden?»
23. Korfor ønskjer ikkje politikarar å bli upopulære?
a) Dei er som mennesker flest, dei vil vere populære.
b) Fordi me lever i eit demokrati.
c) Fordi dei er redde for at folk ikkje skal stemme på dei ved neste valg.
24. Kva heiter boka som artikkelforfattar Heidi Sofie Kvanvig har skrive?

«Få en jobb på 55 minutter»
25. Kor lang tid meinar artikkelforfattaren at ein brukar på å skrive ein CV?

SLUTT. Hugs å sende inn svara dykkar innan 1. april 2013!
Biletet: Frå Garborgsenteret.