Konkurranse: Monsterøglene på Svalbard

Denne konkurransen er knytt opp til artikkelen «Monsterøglene på Svalbard». Les artikkelen og delta i konkurransen.

 

Kva trur du dei langhalsa plesiosaurane brukte halsane sine til?

Dei tre mest vitskaplege og dei tre mest fantasifulle forklaringane blir premierte med eit eksemplar av den heilt ferske faktaboka Monsterøglene på Svalbard, skriven av Torstein Helleve og Jørn Hurum og illustrert av Esther van Hulsen.

Send forklaringa di til kristine@foreningenles.no innan 1. april 2013. Jury vil vere redaksjonsrådet og redaktøren i Faktafyk. Vinnarane blir offentleggjorde her kort tid etter og vil motta bok i posten!