Monsterøglene på Svalbard

Sjå videosnuttar frå utgravingane på Svalbard! Sjekk nettkjeldene til artikkelforfattaren og lær meir om monsterøglene.

Klikk på bildet for å lese hele artikkelen

National Geograpic har laga ein dokumentar om monsterøglene og utgravingane på Svalbard:

http://channel.nationalgeographic.com/channel/videos/death-of-a-sea-monster/embed/

I tillegg til denne dokumentarfilmen har artikkelforfattar Torstein Helleve brukt følgjande kjelder når han har skrive for Faktafyk:

Om marine øgler (UiO: Naturhistorisk museum)
Øglegravarane 2012 (forskning.no)
Schrödingers katt: Øglene på Svalbard (nrk.no,nettklipp)

Ver kritisk:

  • Fortel desse kjeldene nett dei same fakta? Eller den same historia?
  • Kva typer kjelder er nettstaden til Naturhistorisk museum og forskning.no? Kva type program er Schrödingers katt? Er det ei eller av fleire av desse kjelder du stolar meir på enn dei andre? Korfor?
  • Les artikkelen i Faktafyk ein gong til. Er det faktaopplysningar du saknar no som du veit meir om saka? Kva ville du fokusert på om du skulle skrive om monsterøglene på Svalbard?

I det siste har det vore fleire oppslag i media om monsterøglene. Sjekk ut denne artikkelen  i Dagbladet 31.10.12 om den nye arten monsterøgler. Korfor blir monsterøgla kalla for «drapsmaskin»?

Monsterøglene på Svalbard av Torstein Helleve og Jørn H. Hurum

Av: Torstein Helleve og Jørn H. Hurum i Monsterøglene på Svalbard Skriv anmeldelse

For 147 millioner år var det hav der Svalbard ligg no. Med lange snutar med tenner tett i tett, sumde store øgler rundt på jakt etter mat. Men i det mørke djupet lurte farar med endå større tenner. I denne boka vert du nærmare kjent med nokre av desse øglene, og korleis dei levde. Du får òg vita korleis forskarane fann fossila av øglene, korleis dei grov dei ut, og kva øglene fortel oss om livet på jorda.

Illustrert av Esther van Hulsen.

 

 

Les mer