«Tru på deg sjølv. At du kan!»

Les txt-intervjuetmed Bente Bratlund som er forfattaren av Bebe.

Skrevet november 21, 2012 i tXt-aksjonen Legg inn kommentar

Bebe er ei bok som har gjort inntrykk på mange tXt-lesarar. I «Beste setning i tXt 15»-konkurransen er det fleire som har valgt setningar og sitat frå Bebe. Ein av innsendarane skriv: «Jeg likte dette sitatet rett å slett for at jeg kjenner meg igjen i det.» Det er kanskje det finaste ein forfattar kan høre? Sitatet som innsendaren skriv om er nesten som eit dikt:

Eg løftar hovudet.
Over meg er det ein stor,
rund måne. Rundt månen vrimlar
det av stjerener. Det kunne vore romantisk.
Det kunne vore heilt annleis, alt.
Stjernene er så utruleg mange.
Det er til å bli svimmel av.
Går det an å kjenna seg heilt aleine i verda?
Når ein slett ikkje er det?

– Eg starta med å skriva dikt, og skriv framleis mykje dikt, difor er korte setningar naturleg for meg, seier Bente når me spør om dei korte setningane i boka. – Eg prøver å få sagt mykje med dei orda eg vel. For meg er det også viktig at bøkene mine skal vera lette å lesa for alle. Lette å lesa, men ikkje lettvindte.

Bente har jobba som forfattar på heiltid dei siste tjue åra, og ho elskar jobben sin. Ho reiser også ein del rundt på skular for Den Kulturelle Skulesekken. Og så held ho skrivekurs. Ho har skrive mange bøker og kor får ho ideane sine frå?

– Idear til bøkene mine kan koma ut frå ei setning eg høyrer, frå noko eg ser, eller noko eg opplever. Og ideen til første boka om Bebe kom då eg las ei setning som blei hengande att i hovudet mitt: «Snille jenter som ikkje ber om sjokolade, får ikkje sjokolade». Eg visste eg ville skriva noko om å stå opp for seg sjølv, og også andre. Jenta Bebe blei til i hovudet mitt, og så blei det til at boka også heiter Bebe.

Bebe er eit uvanleg navn. Kvifor heiter hovedpersonen det?
– Bebe heiter eigentleg Beate Belinda. Det vil koma fram i bok to om Bebe, boka Bebe2: Ingenting som før.

Kvifor skriv du om ungdom?
– Eg trur at uansett kor gammal ein blir, så bur den unge jenta/guten ein ein gong var i ein. Mykje er annleis enn då eg var ung, men noko er det same. Å vera forelska, å vera skuffa, å vera lei seg eller glad. Å mista eller vera einsam eller å kjempa for det ein vil, det er likt til alle tider. Eg opplever det  spennande å skriva om ungdom. Kanskje det held meg ung :-).

Har du tips til ungdom som skriv?
– Skriv, skriv, og ikkje la deg stoppa. I alle ting ein vil, gjeld det å være sta!

Nå er Bebe 2 kommet. Kjem det fleire bøker om Bebe?
– Det kjem i alle fall til å bli tre bøker i serien om Bebe, så får vi sjå.

Har du ei setning frå boka som du er spesielt nøgd med?
– Ei setning som er viktig for meg er: «Tru på deg sjølv. At du kan!»

Vil du vite meir om Bente eller få hennar bokanbefalingar? Klikk deg vidare her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *