Tid for ny Tid for ti

I januar 2021 går startskotet for den sjette utgåva av leseaksjonen Tid for ti på 7. trinn i norsk skule.

Skrevet oktober 19, 2020 i 10-12 år, Barneskole, Bibliotek/lærer, Formidling, Nyheter, Presse

Tid for ti er ein nasjonal nynorsk leseaksjon i regi av Foreningen !les og i samarbeid med Nynorsksenteret, Samlaget og andre nynorskaktørar. Aksjonen starta i 2016 og inneheld ein antologi med utdrag frå ti bøker tilpassa målgruppa, og ei eiga nettside med blant anna utdrag og lydfiler. No er det snart klart for ein ny runde.

– Tilbakemeldingane og responsen på Tid for ti frå både lærarar, elevar og bibliotekarar rundt omkring i Noreg har heile vegen vore veldig god. Vi er stolte over at aksjonen har blitt så populær, og glade for at vi kvart skuleår kan tilby sjuandeklassingar i heile landet nynorsk kvalitetslitteratur, seier prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø.

Den nye antologien kjem i januar 2021 og har eit opplag på 26 000. På boklista finn vi debutantar og meir etablerte forfattarar og illustratørar, og fleire nye titlar innanfor både skjønnlitteratur og sakprosa.

– Det er viktig å få fram den breidda som finst blant nynorske bøker for barn og unge. I denne antologien er heile åtte bøker frå 2020, og det er utdrag frå romanar, illustrerte bøker, fakta, teikneserie og ei novelle. Elevane vil få møte fleire ulike sjangrar og tema, seier Burås Storø.

– Eitt av måla med aksjonen er å gjere det lettare for lærarane å ta i bruk ny litteratur i skulen. Nynorsksenteret samarbeider derfor med Foreningen !les om å lage fyldige lærarressursar til aksjonen, fortel Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.

Ein av forfattarane som er med i den kommande Tid for ti-aksjonen, er Ann Helen Kolås Ingebrigtsen. Ho debuterte tidlegare i år med den realistiske ungdomsromanen Sinne.

– Men boka kan like fullt lesast av vaksne som ønsker å få eit innblikk i korleis det kan vere å ha ADHD, seier Kolås Ingebrigtsen, som er svært fornøgd med korleis boka har blitt motteke.

– Mottakinga har vore overveldande god. Eg får framleis minst ei melding dagleg frå nokon som har lese og likt boka, trass i at det er sju månadar sidan ho kom ut. Det gjer meg så glad.

Som debutant har det ifølgje forfattaren vore stort å sjå lesarar tagge bilete av boka i sosiale medium. Men korona har òg ført til færre sjansar til å møte lesarane direkte.

– Det har vore surrealistisk at det eg har arbeidd med så lenge, plutseleg levde sitt eige liv og blei lese av andre. Samtidig har eg også fått kjenne verknadane av koronanedstenginga. Med unntak av nokre digitale strøymingar har eg ikkje vore på forfattarbesøk eller hatt opplesing av boka, seier ho.

Derfor meiner Kolås Ingebrigtsen det er ekstra kjekt at boka no er med i Tid for ti 2021.

– Det betyr veldig mykje for meg å få vere med i ein leseaksjon som Tid for ti. Det kan vere vanskeleg å orientere seg blant all litteraturen som finst, og derfor er det så viktig med leseaksjonar som kan vise veg. Eg er kjempeglad og stolt over at Sinne har blitt plukka ut til å få vere med, seier ho og avsluttar:

– Eg blir veldig glad dersom Sinne blir godt likt blant elevane og kan vekke engasjement og opne for viktige samtaler.

Dette er boklista til Tid for ti 2021:
Eg har venta på deg av Atle Hansen, Samlaget 2020.
Spådama i 7B av Harald Nortun, Samlaget 2020.
Rundt jorda og tilbake av Inger Johanne Sæterbakk, Aschehoug 2020.
Ti utrulege oppfinningar av Bår Stenvik. Illustrert av Rune Markhus, Samlaget 2020.
Floke av Ida Eva Neverdahl, Samlaget 2020.
Polarnatt av Sunniva Relling Berg. Illustrert av Bjørn Rune Lie, Samlaget 2019.
Sinne av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen, Samlaget 2020.
Lepra av Anders Totland. Illustrert av Martin Ernstsen, Gyldendal 2020.
Ser du dette? av Sigrid Agnethe Hansen, Samlaget 2020.
Kamikaze frå Exit av Geir Tangen, Gyldendal 2019.

Skular og bibliotek har framleis moglegheita til å melde seg på.

PÅMELDINGSSKJEMA HER

Kontakt:
Ole Ivar Burås Storø
Prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen !les
E-post: ole@foreningenles.no
Tlf.: 941 29 000

Om Foreningen !les
Foreningen !les er ein ideell medlemsorganisasjon som blei stifta i 1997 og som i dag har 40 medlemsorganisasjonar frå heile breidda i Bok-Noreg. Foreininga er finansiert av medlemsorganisasjonane og mottek støtte frå blant anna Kulturrådet og Utdanningsdirektoratet. Føremålet er å arbeide for å fremje lesing i alle aldersgrupper og i alle samfunnslag. Gjennom ulike tiltak når Foreningen !les årleg rundt 300 000 barn og unge og nærare 10 000 lærarar og bibliotekarar. Foreningen !les har tiltak i skulen og på alternative arenaer, og står blant anna bak litteraturprisane Ungdommens kritikarpris, Uprisen og Bokslukarprisen, antologiane tXt, Rein tekst og Tid for ti, sakprosamagasinet Faktafyk, NM i poesislam og Bokstart. Alle tiltaka er gratis og nasjonale. I 2017 fekk Foreningen !les bokbransjens heiderspris, Gullegget. I 2018 blei Foreningen !les nominert til verdas største barnelitteraturpris, Astrid Lindgren Memorial Award (ALMA), for fjerde år på rad.

Les meir på www.foreningenles.no

Om Tid for ti
Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn og blei etablert i 2015. Hjartet i aksjonen er ein antologi med tekstutdrag frå ti gode bøker på nynorsk. Tid for ti er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar.

Les meir på: www.tidforti.no

Om Nynorsksenteret
Nynorsksenteret er eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i opplæringa. Senteret utviklar og formidlar ressursar og arbeidsmåtar som skaper språkkompetanse og motivasjon.

Les meir på nynorsksenteret.no