Teikneseriar mellom det personlege og politiske
Under Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom, Kapittel, arrangerer Foreningen !les i samarbeid med Fritt Ord ein samtale om teikneseriar. Korleis jobbar teikneserieskaparar og kva bodskap vil dei fremme?
Arrangementet arrangeres både torsdag 20. september og fredag 21. september på Sølvberget.
Torsdag 20. september klokka 1800-1900 i Kjellaren, og fredag 21. september klokka 1000-1100 i Kinosal 1. Merk at arrangementet fredag primært er for inviterte klassar frå vidaregåande. Andre slepp inn viss det er plass.
Påmelding til joakim.lie@frittord.no
Gi beskjed om du kjem til både mottakelsen kl 1915 og arrangementet kl 18:00.
Hva skal skje?
Du får møte tre teikneserieskaparar som brukar personlege erfaringer til å fremma politiske bodskap. Ellen Ekman, Ali Dorani og Khalid Albaih skal i sju minutter kvar snakke om korleis dei jobbar og kva bodskap dei vil å fremme.
Deretter vil teikneseriekritikar og journalist Erle Marie Sørheim leie ein samtale om grensa mellom det personlige og det politiske i teikneseriane.
Ellen Ekman er for mange kjent for teikneserien «Lille Berlin», som har fått en rekke prisar for si skildring av hipstare i storbyen.
Ali Dorani er iransk illustratør og tegneserieskaper og fribyforfattar i Stavanger. Han byrja å teikna då han satt i den sterkt kritiserte australske flyktningeleiren på Manus Island.
Khalid Albaih brukar teikningar som politiske ytringar. Han er best kjent for karikaturar om den politiske og religiøse samtida i Midt-Austen. Albaih er sudanesisk statsborger født i Romania og oppvokst i Qatar.
Begge arrangementene blir presentert i samarbeid med Fritt Ord-konkurransen og Foreningen !les sin litteraturaksjon i vidaregåande skole, Rein tekst.
Temaet for Fritt ord-konkurransen i 2018/19 er TEGN!