Sosial litteraturformidling på Årstad

David Kvamme Høvik er litteraturformidlar og bibliotekansvarleg ved Årstad vidaregåande skule i Bergen. For han heng det sosiale tett saman med litteraturformidling, og i podkasten «Årstad leser» får elevane snakke entusiastisk om bøker.

Skrevet august 25, 2023 i Bibliotek/lærer, Nyheter, Videregående

Sosial formidlar: – Målet mitt som litteraturformidlar er ikkje at alle skal bli lesarar, men at alle skal få sjansen til å bli lesarar, seier David Kvamme Høvik ved Årstad vidaregående skule. Foto: Vibeke Røgler/Foreningen !les.

Kvamme Høvik har saman med elevane ved Årstad vidaregående skule starta podkasten Årstad leser. Her møter han elevar ved skulen som snakkar om bøker dei sjølv har bestemt dei vil snakke om. Til no er tre episodar tilgjengeleg på ulike plattformar. Kva var bakgrunnen for at den engasjerte formidlaren ville starte podkast?

– For å gje elevane ein plattform der dei kan snakke om lesing og bøker på sine premiss. I tillegg ville eg vise fram alle dei flinke, kule og morosame elevane vi har på Årstad, seier han og legg til at responsen på podkasten så langt har vore positiv:

– Det har kome fleire gode tilbakemeldingar og eg synest det er fortent at elevane får mykje skryt. Det aller kjekkaste er at elevane er så glade for å få vere med og at dei er entusiastiske i samtalen om bøker. I år skal eg og prøve å starte ein bokklubb. Det blir spennande å sjå om det er interesse for det.

Dei finaste romma
Skulen har rundt 900 elevar og fleire yrkesfaglege utdanningstilbod. Skulebiblioteket har to tilsette og er ope frå halv ni til tre frå måndag til fredag. Ifølgje Kvamme Høvik er biblioteket plassert på dei finaste romma på skulen.

– Vi har store vindauge langs heile veggen som vender ut mot Fløyen og god plass til bokhyller, arbeidsplassar og gode sitjeplassar. Elevane bruker skulebiblioteket mellom anna til skulearbeid, sjakkstove, inspirasjonskjelde til skuleoppgåver og som eit trygt område der dei kan trekke seg tilbake.

Det beste med jobben som litteraturformidlar og skulebibliotekar, er for Kvamme Høvik elevane og kjensla av å treffe på eit boktips. Han meiner det er viktig å sjå elevane som kjem innom og trur det kan auke interessa for litteratur.

– Etter mi erfaring er det mykje lettare å treffe på boktips når ein kjenner elevane, så det sosiale heng tett saman med litteraturformidlinga, seier han og fortel at han var heldig då han starta i jobben:

– Alt eg trengte var på plass allereie. Frå før hadde skulen ein leseaksjon der alle elevane les tjue minutt kvar dag i skuletida i éin månad. I tillegg har vi ein litteraturpris i samarbeid med Litteraturhuset i Bergen og Bergen internasjonale litteraturfestival der Vg3-elevane våre les fem heilt nye bøker frå bokhausten. Forfattaren av boka dei liker best får prisen som ein del av programmet under litteraturfestivalen.

Men sjølv om Årstad har eit velfungerande skulebibliotek, etterlyser Kvamme Høvik politisk handling for både skolebiblioteka og auka leselyst blant unge. Samstundes er han bevisst på si eiga rolle som litteraturformidlar.

– Målet mitt som litteraturformidlar er ikkje at alle skal bli lesarar, men at alle skal få sjansen til å bli lesarar. Eg trur ikkje det er hensiktsmessig å tenkje at vi skal få flest mogleg elevar til å lese over ein halv time kvar dag. Eg synest Elisabeth Jensen Lombnæs er klok når ho seier: «Alle blir ikke bokslukere, men alle kan bli lystlesere».

Lytt til dei unge
Han trur det er viktig å bruke statistiske undersøkingar ovanfor politikarar, men at det ikkje må vere heile bilete for korleis vi snakkar om lesing og litteratur.

– Det statistikken ikkje viser er alle leseerfaringane som skjer når ein elev plukkar opp ei bok. Det er dei erfaringane eg vil løfte fram i podkasten vår. Men at norske tiåringar har minst leseglede av alle dei 65 landa i PIRLS-undersøkinga, bør føre til politisk handling, seier han og held fram:

– Ein kan ikkje klage på at ungdom ikkje les viss det ikkje finst bøker der dei er. Politikarane har eit ansvar for at det finst bøker på skulen, og vi vaksne har eit ansvar for å vere lesande førebilete. Det blir rart å klage på at ungdom er på TikTok viss vi er på den nittande videoen på YouTube om korleis vi kan bygge ein van om til hus.

Det aller viktigaste for skulebibliotekaren ved Årstad, er å lytte til dei unge lesarane.

– Deira stemme må vere det sentrale. Ein kan gje dei tips og råd, men til slutt bør det vere dei unge som vel boka. Og viss ein skal snakke om og vurdere om ei bok er god eller ikkje, er det ungdommen si erfaring som er det viktige, seier Kvamme Høvik som brenn for betre skulebibliotek og meir politisk handlekraft:

– Alt for mange elevar har ei bokkasse eller eit underbemanna rom som skulebibliotek. Det er ikkje godt nok og vi kjem til å jobbe knallhardt for at fleire elevar skal få møte entusiastiske bibliotekarar og nye, spennande bøker. Mellom anna har eg, Live Havro Bjørnstad og Elisabeth Jensen Lombnæs byrja arbeidet med #heiaskulebiblioteka. Ein kan følgje oss på Instagram og kontoen @heiaskulebiblioteka.

Litteraturformidlaren sine tre boktips:


Dette var pakten vår

Ryan Andrews
Oversatt av Hilde Stubhaug
Gyldendal 2019

– Dette er ei heilt magisk teikneserie om venskap, eventyr og om å tørre å vere seg sjølv.


Å sette sammen bitene

Martin Eia-Revheim
Cappelen Damm 2022

– Denne sjølvbiografien vann fjorårets Gullkroken med god grunn. Eg er takknemleg for forfattarar som Revheim som klarar å overføre grusomme erfaringar til litteratur slik at vi som les kan bli klokare og rausare med kvarandre.


Av måneskinn gror det ingenting
Torborg Nedreaas
Aschehoug 2017

– Du er ikkje den same etter å ha lese denne.

Sjå fleire boktips her