Sommer!les: Heidi Marie Vestrheim
Kva skal du lese i sommar? Vi har spurt forskjellege personar og vil i løpet av sommarvekene prestentere deira lesetips og leseopplevingar. I dag: Heidi Marie Vestrheim.
Namn: Heidi Marie Vestrheim (Foto: Anton Soggiu)
Alder: 40 år
Stilling: Artist og programleiar
Kva skal du lese i sommar?
– Eg skal lese Ollis ferdig (Ingun Thon si debutbok) og så ligg det nokre bøker eg fikk til 40-årdagen min og ventar blant anna Hett blod, nerver av stål (Arto Paasilinna, oversatt av Ellen Holm Stenersen) og to bind i Karl Ove Knausgård sin årstidskvartett; Om sommeren og Om vinteren.
Kva er ditt beste sommerleseminne?
– Eg låg på stranda i Thailand og las Patti Smith sin Just Kids, det var ei veldig fin oppleving.
Kva slags bok er den beste du har lese til no i 2017?
– Ollis.
Boka du aldri gløymer?
– Hmmm, det er eg usikker på. Eg har veldig dårlig hukommelse og er veldig i nuet på den boka eg les. Kanksje noko frå barndomen då, Heidi av Johanna Spyri, berre fordi det var så koseleg og intenst med høgtlesing på sengekanten og latter og tårer. Og mamma elska den boka så mykje at ho kalle meg opp etter ho
Beste barneboka du har lese?
– Eg likar jo Maria Parr sine bøker særs godt, både Tonje Glimmerdal og Vaffelhjarte.