Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Tung tids tale

Som liten gut mista Daniel språket og forandra personlegdom. Han utvikla autisme, og livet til Daniel og familien blei snudd på hovudet. Daniel får ikkje sagt det han tenker og føler, han treng hjelp til mange ting og han slår. Familien elskar Daniel, men dei er frustrerte over ikkje å nå inn til Daniel, og over den evige kampen om å få den hjelpa som Daniel og familien treng. Det er mora, Olaug, som fortel.

Olaug Nilssen Samlaget 2018

 

Det regnar. Snøen smeltar sakte, og iskantane i vegane og på gangstiane blir harde, glatte svullar. Vi må vere inne på tredje dagen, for ungane har vore sjuke etter tur, og det er framleis ingen stader å gå for oss som følgjer 48-timarsregelen.

Du drar meg inntil deg, du klemmer hardt, og eg lar meg gjerne klemme, det skjer ikkje for ofte. Men i dag er du lattermild og vill og vil også knipe, du tar etter auga, eg dyttar handa venleg vekk, du tar tak i munnen og drar til mens du hyler av latter. Det er sjølvsagt vondt. Eg dyttar igjen, og må unna for å summe meg, men eg kjem ikkje fri, du held fast, først drar du i halsen på genseren, så får du tak i bh-en framme og drar meg ned etter den, eg blir sint, må unna, kjenner det jage gjennom heile kroppen, no må eg vekk, men du er sterk og held meg fast, eg dyttar deg bestemt ned og sit ein augneblink i ro på sofakanten og summar meg før eg begynner å reise meg, men før eg har kome opp i ståande, hiv du deg rundt og slenger beina omkring magen min, held meg fast igjen og hylskrattar. No tar eg hardt tak i beina og drar deg av, eg må unna, må telje til ti, minst, puste, veit det, du må ut, du må ut og bruke kroppen straks, for dette går ikkje. Veslebror nærmar seg, synest det er spennande, set seg heilt inntil deg, og du lar deg ikkje be to gonger, gir ein hard klem og stikk fingrane inn i munnen hans, eg må berre dra deg unna, for han grin, sjølvsagt, og eg seier at han må gå vekk, han får heller gå opp på loftet til yngstemann, men det er urettferdig, klagar vesle bror, og det er det. Eg ringer faren din og seier at han må kome heim frå jobb, han sukkar ikkje eingong, visste før han reiste, at det fort kunne bli umogeleg for meg å klare dette åleine i dag.

Først ein dotur.

Du ler og hoppar, eg må kle av deg i rykk, for du hiv deg stadig etter meg for å henge deg rundt halsen min, eg får ikkje gjort anna enn å byte bleia di, må gi opp å få deg til å sitje i ro på do, du hoppar opp igjen kvar gong eg hjelper deg ned på setet. Eg kan ikkje trene på handvask når du er så vill, eg vaskar hendene dine med ein klut og tar på ny bleie, du har begynt med vaksenbleier, dei er så svære at vi måtte bestille eit større bosspann. Ei stund brukte eg å snike nokre overskotsposar opp i spannet til naboen, men etter at bossbilen ein dag hadde køyrt forbi og gløymt å ta med våre dunkar, så slutta naboen med å setje ut spannet sitt kvelden før, i staden venta han kvar veke til vi hadde plassert vårt, og eg tenkte: – Ja ja, det er jo rimeleg, og dessutan ei form for ordlaus kommunikasjon, og det set vi jo pris på borte hos oss.

Då eg ringde og bestilte spannet, opplyste dama på telefonen, igjen og igjen, om at det kosta det dobbelte av eit alminneleg spann, og at det var berekna på husstandar med utleigedel, til slutt sa eg berre:

– Eg har eit funksjonshemma barn som bruker store bleier.

– Å ja, sa ho.

Då vi er ferdige på badet, spring du inn på rommet til veslebror din og turnar i køyesenga, eg lar deg gjere det, men eg følgjer med, vil ikkje at du skal få tid og høve til å dra i klistremerka eller øydelegge noko anna, så då du begynner å vise interesse for dinosaurane på veggen, ber eg deg kome. Du høyrer ikkje på meg, men pirkar ivrig i kanten på Brachiosaurusen, så eg må ta tak i deg og prøver å få deg med meg ut av senga. Det blir eit nytt basketak, handa inn i munnen på nytt, det er like vondt denne gongen, men no har eg målet og middelet klart for meg så eg toler det og får deg til slutt på beina samstundes som eg høyrer faren din kome inn døra oppe. Ungane ropar. Pappa svarer. Eg kjenner at angsten slepper, endå eg ikkje var klar over at eg hadde han.

 

Med ei hand på ryggen spring du i den retninga eg vil ha deg, og etter ei akrobatisk øving for oss begge har eg fått på deg regnkleda. Utanfor ligg det framleis blaute snøkladdar, og du går inn på trampolinen for å ete av snøen. Til slutt begynner du å hoppe, og eg trekker eit sukk av lette, endeleg kroppsutfalding med meining. Eg lener meg mot veggen og lukkar auga, etter ei stund høyrer eg at sprettinga har gitt seg, du står heilt i ro, og eg veit kva som skjer, men det er for seint, så eg ventar litt til, og så ber eg deg bli med inn for å byte bleie igjen. Du ler og hyler og tar etter auga mine, eg må snu deg rundt så du ikkje skal stå andsynes meg, du hoppar opp og ned på krakken, får tak i ein tannbørste, eg lar deg ha han sjølv om eg veit du no tygg han sund, så er du sysselsett mens eg vaskar deg.

Ute igjen får eg deg i bilen, og eg set på musikken frå Phantom of the Opera, for å avreagere. Då vi har kome inn til sentrum, har humøret mitt kome seg såpass at eg syng med på ariane, då ler du glad i baksetet, og eg kan endeleg smile til deg igjen.

 

***

 

Å kjøpe blomar og setje dei midt på bordet i stova. Å sjå korleis lyset frå vindauga fell på blomane. Sitje i ro og sjå på dette. Hugse å gøyme blomane bak kjøkenmaskina før du kjem heim. Ringe gifttelefonen viss eg gløymer det.

 

***

 

Etterpå køyrer vi til Totland, til Fanahytten, høyrer på Kvelertak mens vi køyrer langs den smale vegen, du fangar opp ein god del nyansar og gaular «Odin gav oss Suttung sitt mjød», ler og hyler, eg liker det, eg får skrudd opp min eigen energi så han kan matche din. Eg puttar tjue kroner på automaten på parkeringsplassen og riv ein rosa lapp av loddboka i luka som ligg nedst i automaten. Vi er heilt åleine på parkeringsplassen, ingen andre reiser ut hit i slikt vêr, når snøen har begynt å rotne og skiløypa er i full oppløysing.

Eg fyller mageveska med knekte saltstenger, og vi går ut. Du er fandenivoldsk og spring i motsett retning av den du veit er rett, men det gjer ingenting, så lenge du ikkje beinar ned den bratte bakken, ned mot busstoppen. Eg ler tilbake til deg og tøysar med, etter ei lita stund blir du med dit eg vil. Eg har vist deg biletet av målet eg har tenkt vi skal nå, det er ein benk, det er berre ein kilometer å gå.

NB! Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget.

 

Til toppen