Mi briljante venninne
Etter eit livslangt venskap er Lila plutseleg sporlaust borte. Ikkje eit hårstrå er igjen etter henne, ikkje eit fotografi. Men kven var Lila? Gjennom auga til veninna Elena får vi skildra ei nådelaus og ærleg historie om eit komplekst venskap og eit Italia i stor endring. Med mafiaen og machokulturen på femtitalet som eit bakteppe for forteljinga, blir vi vitne til to liv som har det same utgangspunktet i fattigkvarteret i Napoli. Men dei to jentene endar i kvar sin ende av det italienske klassesamfunnet. Kva skjedde?
7 |
Ifølgje Rino, storebroren til Lila, hadde jentungen lært seg å lese då ho var rundt tre år, ved å kikke på bokstavane og bilda i leseboka hans. Ho sette seg ved sida av han ved kjøkkenbordet når han gjorde lekser, og ho forstod meir enn kva han klarte å forstå.
Rino var nesten seks år eldre enn Lila, ein modig gutunge som briljerte i alle typar spel både nede i garden og ute i gata, særleg å spinne snurrebass med hyssing. Men å lese og skrive, løyse reknestykke, lære dikt utanåt, det var ikkje noko for han. Han var oppunder ti år då faren, Fernando, begynte å ta han med seg kvar dag til den tronge skomakarverkstaden som låg i eit smau på andre sida av storvegen, for å lære han kunsten å sette sole på sko. Når vi jentungane møtte han, kunne vi kjenne dunsta av skitne føter, av gammalt lêr og lim, og vi gjorde narr av han og kalla han tøffelsole. Kan hende var det derfor han smykka seg med å vere kjelda til søstera sitt talent. I realiteten hadde han aldri hatt ei lesebok og aldri brukt eit einaste minutt på leksene. Det var altså umogleg at Lila hadde lært noko som helst gjennom hans skoleslit. Meir sannsynleg var det at ho i så ung alder hadde lært seg korleis alfabetet fungerte, takka vere det avispapiret som kundane rulla dei gamle skoa inn i, og som far hennar no og då tok med seg heim for slik å lese høgt dei mest interessante notisane.
Om det no var skjedd på den eine eller den andre måten, var det ganske tydeleg for oss alle: Lila kunne lese og skrive, og frå den grå morgonen då lærarinna lét oss få sjå det med eigne auge, er det særleg ein ting som har festa seg i minnet, nemleg kjensla av kraftløyse om nyheita kasta over meg. Heilt frå min første dag på skolen hadde eg kjensla av at skolen var ein mykje finare stad enn heime. Det var den staden i bydelen der eg kjende meg mest trygg, og eg gjekk dit med stor iver. I timane var eg svært merksam, og eg utførte på beste måte alt dei bad meg om å gjere. Eg lærte. Men mest av alt likte eg å bli likt av lærarinna, å bli likt av alle. Heime var eg yndlingsbarnet til far min, og også søskena mine var glade i meg. Problemet var mor mi, med henne gjekk det alltid feil. Det kjendest som ho allereie den gong då eg så vidt var over seks år, gjorde alt for at eg skulle kjenne meg overflødig i livet hennar. Ho likte meg ikkje noko særleg, og heller ikkje eg henne. Kroppen hennar baud meg imot, noko ho ganske sikkert kjende på seg. Ho var lys i håret, blå pupillar, fyldig. Men det var noko med det høgre auget, og ein visste aldri kva veg ho kikka. Dessutan hadde ho det høgre beinet som ikkje fungerte, det vonde beinet, som ho kalla det. Ho halta, og måten ho gjekk på, gjorde meg uroleg, særleg om natta, når ho ikkje fekk sove og rørte seg att og fram gjennom gangen, til og frå kjøkkenet. No og då høyrde eg korleis skohælen hennar small i golvet når ho skvisa kakerlakkane som kom frå inngangsdøra, og eg såg for meg dei same rasande auga som når ho skjelte meg ut.
Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget. Utdraget var hentet fra s. 43-52.
Oppvekstroman
Oppvekstromaner dreier seg om utvikling fra barndom til ungdom og videre til voksen. En livshistorie veves uvilkårlig inn i den store fortellingen om samfunnet. (kilde Wikipeda) Les mer her.
Mi briljante venninne er første bok i Napoli kvartetten. De tre andre heter: Historia om det nye namnet, Dei som flyktar og dei som blir, og Historia om det tapte barnet.
Her er et knippe gode oppvekstromaner:
Max, Mischa og Tetoffensiven (2015) av Johan Harstad.
Romanen handler om anvendeligheten av vietnamesisk geriljateknikk i dagliglivet, om de som har vært i krig og de som demonstrerte mot dem; om hyperrealistiske malerier av vaskemaskiner og jenter som ligner på Shelley Duvall; om solen ute på Fire Island og en ettertraktet arbeidskopi av Apocalypse Now. Men mer enn noe er det en roman om spørsmålet enhver som har reist hjemmefra før eller siden må stille seg: Hvor lenge kan man egentlig være borte før det er for sent å dra hjem? Les mer her.
Et lite liv (2016) av Hanya Yanagihara.
Et lite liv er en rå, emosjonell berg-og-dalbane av en roman. En opprivende, vakker og grenseoverskridende hyllest til vennskap, fellesskap og nestekjærlighet. En bladvender av de sjeldne. Les mer her.
Glem det, Ikke bra, Litt håp, Morsmelk, Til slutt (2015) av Edward St. Aubyn.
Disse romanene, som er vekselvis opprivende og hysterisk morsomme, dissekerer den engelske overklassen idet vi følger Patrick Melroses historie fra barnemishandling via heroinavhengighet til rehabilitering. Les mer her.
Redderen i rugen (1951, ny utgave 2013) av J.D. Salinger.
The Catcher in the Rye er av de epokegjørende romaner i etterkrigstidens vestlige litteratur. En av det tjuende århundrets viktigste bøker, en vidunderlig roman, et tidsbilde og samtidig et varig bilde på hvor angstfullt det kan være å være ung. Les mer her.
Glassklokken (1963, ny utgave 2014) av Sylvia Plath.
Boka ble utgitt under pseudonymet Victoria Lucas få måneder etter forfatterens død. Et grunntema i beretningen er selvmordet. Unge Esther Greenwood kjemper to kamper, én mot hennes eget begjær etter gode karakterer, kjærester, et vakkert utseende og karriere – den andre mot mental sykdom. Les mer her.
Beatles (1984, ny utgave: 2008) av Lars Saabye Christensen.
Dette er en munter og vemodig roman om fire Beatles-frelste Oslogutter av årgang 1951, fra de som syvendeklassinger står på spranget inn i voksenverdenen til 25. september 1972. Ingen går tørskodd når dønningene fra ungdomsopprøret ute i Europa skyller inn over dem og deres beskyttende tilværelse. Les mer her.
Halvbroren (2001) av Lars Saabye Christensen.
Tre generasjoner kvinner lever sammen i en leilighet i Kirkeveien i Oslo: En dansk stumfilmskuespillerinne, Den Gamle, hennes datter Boletta, som jobber ved Telegrafen, og unge Vera. Den 8 mai 1945 blir Vera voldtatt på tørkeloftet i gården, og ni måneder senere fødes romanens ene hovedperson, Fred, i en drosje. Fem år senere ser halvbroren Barnum dagens lys. Vi følger brødrenes vidt forskjellige oppvekst på 60 og 70-tallet i Oslo. Les mer her.