Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Med øksene dei haustar inn

Sigmund Løvåsen Samlaget 2018

MITT FØRSTE MINNE ER FRÅ EIN ÅKER

Eg er så liten at kornet når over meg
Eg har gått inn i åkeren, men finn ikkje vegen ut
Eg går og går
Eg græt stilt
Eg høyrer etter kvart stemma til mamma
Eg går mot stemma
Eg er framleis i den åkeren

 

LINERLA

Da linerla kom på tunet om våren, sleikte katten seg kring kjeften.
Vi gutane sprang etter luftgeværet og la oss på post. Da skotet gjekk og
dunskya drog med vinden, kunne ein kanskje tenkje at linerlas ferd frå
Egypt, Spania eller Libanon var bortkasta. Men vi kjente på glede over å
ta liv. Og om kvelden kjente vi på sorg. Katten kjente berre på glede.
Vi tok på nebbet som hadde hakka på pyramidar og kamelmøkk, og
gardstunet heime vart så lite

 

 

 

HENDENE

Hendene hans har sprekkar fylte med olje, kvae,
sauemøkk og blod
Så mange gonger vaska i fostervatn
Hendene heldt små livlause lam,
daska liv i dei
Hendene heldt meg da eg kom ut av mamma
Dei har arr etter øks, svans og motorsag

 

SÅKORGA

Det nyfødde gutebarnet vart lagt i såkorga første natta
Slik skulle han bli ein god såmann, og slik skulle krafta hans verke ut i
såkornet han låg på

Guten blir mann og skal så. Neven grev ned i kornet, løftar det opp frå
korga og spreier det fint utover åkeren. Ein ny neve med korn opp av
korga, varsamt som om han løftar seg sjølv
ut av mørkeret den første natta

 

 

 

KUNSTGJØDSEL

Kvite små hagl på nysådd åker
Kalium, nitrogen, fosfor, kalsium, svovel, magnesium og bor
Norsk industrihistorie
Redninga i skrint, norsk jordsmonn med korte somrar og lange vintrar

Anders Behring Breivik kjøpte 6 tonn kunstgjødsel på Felleskjøpet på Rena
6 tonn er nok til ein 85 dekar stor kornåker
På åkeren kan det dyrkast 42 500 kilo korn
Det er nok til 85 000 brød
77 personar kunne fått 1 103 brød kvar
Dei kunne ha ete frukost i 4 412 dagar

 

MORGONSKODDA

Det verkar som om alle kjenner seg friare i ly av morgonskodda
Respektlause rådyr går på kyrkjegarden og et frå kransar og bukettar
Ekornet klatrar frimodig på husveggane og vekker oss
Hanen tar for seg av hønene utan tanke på hauk

Fingrane mine finn nye og til no ukjente vegar over huda di
Når sola løftar på skodda, vonar vi alle at ei ny verd skal syne seg

 

 

 

GLYFOSAT

Dei argentinske soyaåkrane er så vidstrekte
at dei må bruke fly når dei skal sprøyte
Giftskya lèt seg vakkert farge av sollyset, og minner oss om dei store
insektsvermane og trekronene som ikkje er der lenger

Det kjem aldri til å vekse ugras i hjartekammera, bronkiane, testiklane
og beinmergen til arbeidarane og borna deira

Insekta forsvinn frå åkrane og inn i dei svangre kvinnene og gir fostera
insekthud, flugeauge, edderkoppbein og sommarfuglvenger

Dei nyfødde vil likevel aldri kunne flyge

 

KYRKJEGARDEN VED OPPEGÅRD KYRKJE

Kyrkjegarden er omgitt av tretten eiker
registrerte i Naturbase av underteikna
Under dei skal eg gravast ned

Dei djuptborande eikerøtene frå trea eg har skjøtta,
skal suge næring frå meg
Ungeikene skal vekse seg store, dei gamle skal vekse seg større
Når dei gamle eikene døyr, skal vi saman gi næring til kommande slekter

Eg skal bli oksetungekjuke, eg skal vere bæra på flogrogna, eg skal late
dvergspetten hakke i meg og snutebilla finne bu i meg. Eg er raudlista
lav og reir for kattugla, er treet som står der og fell og står der og fell

 

 

 

UFØDD

Eg fører handa sakte inn i søya
Finn fram til klauver og våt ull
Leiter meg fram til nos og øyre og auge
Før eg byrjar å dra, lèt eg handa ligge ei stund på det varme hovudet
Tar på det ufødde, er der med det ei lita stund

 

KVA EIN KAN TA SEG TIL I KULTURLANDSKAPET

Plukke stein til neglene knekk
Samle på bilvrak i skogkanten
Døyve angst med kartongvin
Skyte hol på rundballane til naboen
Montere trampoline
Leige inn latviske arbeidarar
La buskapen svelte i hel på båsen
Høyre på Bach og skurtreskar og mannskor
Knulle i kornbingar og rundballeplast
Forsikringssvindel
Raljere over hovudstadsmenneska
Få kols og leukemi og leddgikt
Ønskje at ein aldri vart fødd til dette livet
Vaske plogen med høgtrykksspylar

Til toppen