Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

«Fuglar» frå Vonde blomar

Gunnhild Øyehaug Kolon forlag 2020

FUGLAR

Då eg sat på doen og menstruerte, fall ein ganske stor bit av hjernen min ned i doskåla. Eg hadde jo sett hjernar på tv og kunne lett skilje hjernebit frå slimhinnebit. Der låg han, ikkje svart og klumpete, men brunrosa og skinande. Eg sa ingenting om det då eg kom inn att på kjøkkenet, berre sette meg til å ete taco som vanleg. Eg testa ut om eg framleis fungerte, forstod eg oppmodingar som «send meg rømmen» eller «kan eg få tacosausen»? Eg undersøkte om eg kunne namna og alderen på dei rundt bordet, mann og tre barn, eg såg ut vindauget og sjekka om eg framleis visste kvar eg var. Deretter, mens eg togg, gjorde eg eit raskt overslag over arealet på kjøkkenet, sa alfabetet innvendig, tenkte over slektslinjer på både mi og Tom si side. Alt verka å vere på plass. Men då eg seinare kom opp på kontoret mitt og skulle sette meg til å arbeide, såg eg ein ting henge frå den gule arbeidslampa mi som eg ikkje forstod kva var. Han hang der, så han må ha vore der før, han var ikkje ny. Tingen hadde ei merkeleg form, som ein slags halvmåne, men med ujamn boge, og med ein liten tupp fremst på den eine kanten. Tuppen var svart og spiss. Undersida var gul, oversida hadde fleire fargar, mørkegult og svart, og noko kvitt med noko som når eg såg nærare på det, likna eit menneskeleg auge, berre at det mangla det kvite.

Bakover på det eg kalla ryggen på denne halvmånen, var det nokre utskjeringar som likna parallelle riller bak mot ein flat ende. Då Hans kika inn døra litt seinare, tok eg tingen frå lampa og heldt han fram, Hans var ti år, og det kunne jo hende han visste kva dette var, viss han ikkje var for liten. Kva er dette, eigentleg, Hans? sa eg. Hans såg litt engsteleg på meg. Det er, det er ei slags meis, men eg er usikker på kva type, ikkje bli sint. Sint, sa eg, kvifor skulle eg bli sint? Du brukar å bli sint når eg ikkje veit nøyaktig kva fugletype det er, eller kva type lyd dei lagar. Å, sa eg, men kva er ei meis? Å mamma, sa Hans oppgitt, det er det jo du som kan svare på, eg kan berre seie at det er ein fugl! Ein liten fugl meisefamilien. Han slo ut med begge armane og lukka døra. Dette eg heldt framfor meg, var altså det han kalla ein fugl, i meisefamilien, ingen av orda gav meining for meg. Eg googla. Fugl. Eg fekk opp ei rad ulike slike ting som altså var dette som i eintal blei kalla fugl, fleirtal fuglar. Det var levande vesen, og eg såg at dei alle hadde denne spissen ut frå det eg etter kvart forstod var hovudet, at spissen varierte i storleik og form og blei kalla nebb. Og fuglar kunne faktisk flyge, dette måtte eg le høgt av då eg oppdaga det. Her fanst det altså vesen som kunne flyge! Det banka på døra. Inn stakk hovudet til mannen min. Hans seier at du spurde han om kva type meis det var, men Nina, sa Tom, ærleg tala, det får vere grenser for kategoriar dei skal kunne, held det ikkje at dei veit at det er ei meis? Jau, sjølvsagt, sa eg. Han såg litt mjukare på meg. Det nærmar seg disputas, eg forstår jo det. Men du kan trøyste deg med at du ikkje vil få spørsmål om å klassifisere meiser. Han kom bort og gav meg ein klem. Han såg på skjermen min, han var full av bilete av ulike fuglar. Han lo. Back to basics, altså, sa han og gjekk ut. Eg såg at nede på verktøylinja låg det eit word-dokument. Det viste seg å vere mi eiga avhandling, for namnet mitt stod på framsida. Det viste seg at eg hadde skrive ei doktoravhandling om revmatisme i bekkasinfamilien. Det viste seg at eg var ornitolog, eg googla meg sjølv og fann ut at eg var tilsett på Universitetet i Bergen, i ei forskarstilling, og at eg skulle disputere for doktorgraden om tre veker. Eg tenkte på hjernebiten eg hadde skylt ned i do. Det var openbert at eg hadde mista den delen av hjernen der all kunnskapen om fuglar låg. Det er sikkert unødvendig å seie at eg kjende sterk angst der eg sat. Eg kjende meg lamslått, kvalm og redd, men plutseleg kom det eit vesen flygande gjennom lufta og landa på verandaen utanfor kontorvindauget mitt, og såg på meg gjennom vindauget. Eg måtte le høgt, eg hadde aldri sett noko slikt før. Det var ein svart og kvit fugl, og han tok til å hoppe litt liksom ertande bortetter rekkverket på verandaen før han letta og flaug vekk. Eg lo så høgt at Tom stakk hovudet inn igjen med ei bretta T-skjorte i hendene. Kva skjer? sa Tom. Eg såg ein slik svart og kvit fugl lande på verandaen her ute, sa eg.

Svart og kvit fugl, sa Tom og såg tenksamt på meg mens han la den bretta T-skjorta på stabelen av bretta klede som låg på ein stol ved verandadøra. Ei skjor, meiner du? Ja, ei skjor, sa eg og kjende at eg raudna. Nina, eg trur du treng å ta deg ei veke fri, sa han. Reis heim til foreldra dine, gå litt turar, slapp av, ikkje
tenk på disputasen.

Slik blei det til at eg reiste heim ei veke, til foreldra mine. Eg prøvde å sette meg inn i bekkasinfamilien mens pappa øvde til ein julekonsert med Händels Messias og mamma var på ulike møte. Dei prøvde å få meg til å gjere slik Tom i all løynd hadde ringt til dei og bede dei om, sa mamma, å få meg til å ikkje tenke på fuglar, få meg til å gå tur, gå på kino, ete mat, sove. Mamma tok meg med på diverse kanoturar, men eg mista heile tida retninga då ulike fuglar landa på vassflata og eg blei stressa fordi eg ikkje visste kva type fugl det var. Mamma lét som om der ikkje var nokon fuglar, uansett kva som hende, ikkje ein gong då vi gjekk tur i skyminga ein dag og fekk auge på ein nesten halv meter stor, lubben fugl med store, trillrunde auge oppe i eit tre, lét ho til å sjå han, eg peika, mens ho blei opptatt med å hente ein kvikklunsj fram frå anorakklomma, ho knekte av ein bit og sa: Her. Då vi kom heim, overhøyrde eg henne seie til pappa at vi hadde sett ein hubro, og det hadde jo aldri hendt før, det hadde gått rykte om at der var ein hubro i det området, men mamma hadde i alle fall aldri sett ein hubro før. Eg googla «hubro» og såg at det stemde: Vi hadde sett ein hubro. No, då eg ikkje lenger forstod å sette pris på det. Eg hadde ikkje eingong klart å plassere den lubne og visstnok svært sjeldne fuglen i ugle-familien.

NB! På grunn av rettigheter har vi slettet deler av utdraget og lydfila.

Til toppen