Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Dette er andre dagar

Ruth Lillegraven Tiden 2020

Husk

(artikkelen)

sjukdommen
er mindre smittsam
og mindre dødeleg enn
tidlegare epidemiar, skriv
gentile da foligno, forskar
ved universitetet i perugia
då myndigheitene i januar
ber han om råd

den råkar
i hovudsak mongolar
og andre villmenn
skriv han

dei neste månadene
justerer han seg

han skriv inn ord som
utan sidestykke, eineståande
til han sjølv døyr av pesten
saman med seksti prosent
av folket i perugia
dagens umbria

pesten kjem med båt
til venezia i oktober 1347
til bjørgvin i september
1349

men allereie i 1339 er det
så mange nye gravsteinar
kring innsjøen issyk-kul
i dagens kirgisistan

pesten kjem til italia
etter år med hungersnaud
fattige åt ugras og kvistar
vart sjuke

da foligno har sett det meste
trur han

det går bra, seier han
men det går ikkje bra

det går bra
seier leiinga i boeing
då to 737 max-fly styrtar

dei held fram produksjonen

det går ikkje bra
no står alle 737-fly
på bakken

me er boeing
me er gentile da foligno
me orkar ikkje vil ikkje
tør ikkje

me er folket i pompei
står rolege og ser på
utbrotet frå vesuv

me er
folket i new orleans
sit roleg og ventar på
orkanen katarina

me vil det skal gå bra
me trur det skal gå bra

på førehand
svarar ti av ti at dei
vil reagere rasjonelt om
ei krise oppstår, men når
jordskjelvet lavaen orkanen
kjem, er det berre ein til to
som gjer det, ein til to spring
rundt i panikk, dei fleste gjer
ingen av delane, sju av ti
står eller sit heilt roleg

dette er oss
dette er slik
me er
me snur oss bort
held for auga og øyra

me vil ikkje ha orkan
jordskjelv og pandemi
slett ikkje klimakrise

det som på 1300-talet
tok årevis, det skjer no
på veker dagar minutt

me flyg det inn
frå kina nord-italia
austerrike solgården
gjennom flyplassar
flytog baner bussar

dette er ikkje
ei svart svane
dette burde me
sett kome

det går bra, seier me
det går bra, tenkjer me
det går bra, håpar me

me er hekta
på fossil brensel

me handlar me flyg
me et me høgg ned
me vil ha
meir meir meir

me seier farvel til
økosystema som
tente oss så godt

velkomen
til den nye verda

der virus
hoppar som lopper
frå ville dyr til menneske

der fabrikkfarmar klekkjer ut
biologiske katastrofar

der me høgg og høgg
produserer og produserer
medan temperaturen stig

no er me nullstilte og omstilte
no veit me at me kan endre oss

men året startar som det
nest-varmaste nokon gong

målet om
berre halvannan grads auke
er ein varde som kjem
stadig lenger unna

sjølv
verdsomspennande
lock down reduserer berre
utsleppa med 5 %

det er det eg alltid
har sagt, seier A

det hjelper ikkje
om du sluttar å reise
til rotterdam eller berlin

det hjelper ikkje om
du sluttar å ete kjøt
til tacoen

me må slutte å tru
at me kan løyse dette
individuelt

ja, seier eg, eg trur han
det hjelper det hjelper ikkje

for kva har brannane
i amazonas australia alaska
sleppt laus

mikroorganismar som me
ikkje eingong veit om
har no behov for
nye heimar

og kva er
vel betre enn oss

me som er så mange
me som er så nære

me som
flyttar på oss
heile tida, igjen
og igjen

me veit så mykje
me veit så lite

alt heng saman med alt

det stansar neppe her
det stansar neppe no

me er
gentile da foligno

februar, mars
og april har gått
juni er her snart
me har dårleg tid

det nærmar seg
alt nærmar seg

Til toppen