Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

11 Meter: Straffesparkets historie

Nils Henrik Smith Kagge 2020

Prolog:

Ein epistel om einsemd

Roberto Baggio står åleine ved ellevemetersmerket. Datoen er 17. juli, klokka er 15:00 amerikansk vestkysttid, og Baggio har nettopp fyrt av straffesparket som har avgjort verdsmeisterskapet i fotball anno Domini 1994. Det er første gong VM-finalen er avgjort etter straffekonkurranse. Den brasilianske målvakta Taffarel går ned på kne og takkar Gud. Baggio stirar tomt mot han. Det er heilt stille på Rose Bowl i Pasadena, og ingen veit kor ballen er. 

Taffarel redda ikkje straffesparket. Baggio skaut høgt over. Dét er ei kjensgjerning eg, framføre TV-skjermen i TV-stova i huset vårt i eit bustadfelt på Bryne på Jæren i det sørvestlege Noreg, tusenvis av kilometer frå Los Angeles’ nådelause sol, berre må ta innover meg. Roberto Baggio, Italias fremste fotballspelar i moderne tid, den største stjerna i verdas beste liga, Serie A, fjorårsvinnar av Gullballen som årets beste spelar i Europa, mislukkast i å treffe målet frå elleve meters hald.

På dette tidspunktet er det nøyaktig ein månad til eg fyller fjorten år. Eg er med andre ord i ein alder då sinnet er særs mottakeleg for heltedyrking, og Roberto Baggio er den største av alle heltane mine. Det er ikkje lett for ein ung mann frå ein heim utan parabolantenne å få sett sitt italienske idol i aksjon på denne tida, men eg passar nøye på å få med meg kvart einaste glimt som er å få med seg av Baggio både i NRKs sportsrevy og i TV 2 sitt spesialprogram om Serie A, Bravissimo. Eg les kvart ord som står å lese om Baggio både i Bladet Fotball og i World Soccer og kan etter kvart mange av artiklane utanboks. Ein periode er eg til og med medlem i den norske fanklubben til Juventus, berre på grunn av kjærleiken min til Baggio, og lukkeleg uvitande om at han gjekk til Juve frå Fiorentina mot sin vilje.

NB! Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget

Til toppen