Sigmund Løvåsen: Med øksene dei haustar inn

FØR:

Diskuter med klassen:
– Kva slags forventningar har de til dikt? Ser eller høyres dei ut på ein spesiell måte?
– Handlar dikt om andre ting enn annan litteratur?
– Kva vil de seie kjenneteiknar språket i dikt?
– Kva slags dikt har gjort inntrykk på dykk?
– I kva grad kan dikt noko anna enn til dømes romanar og dramatikk?
– Kva har det å seie for lesinga av eit dikt at det er på vers?

Ta utgangspunkt i nokre av dikta, til dømes dei to tekstene som begynner med høvesvis «Kunstgjødsel» og «Glyfosat».


UNDERVEGS:

Be elevane om å lese kvart av dikta tre gongar.
Be dei dessutan om å gjere følgande, i forbindelse med kvar gjennomlesing:

– legge merke til kva de legg merke til medan dei les
– vurdere kor bra dei sjølv synest dei forstår diktet på ein skala ifrå 1 til 10

Når kvart dikt er lese tre gongar, skal dei dessutan notere utviklinga i forståinga av kvart dikt samt skrive ned dei spørsmåla dei har til kvart av dikta. *


ETTER:
Klassesamtale

For kvart av dikta, tek de utgangspunkt i leseopplevinga til elevane og snakkar om diktet.
De kan t.d. bruke desse spørsmåla som utgangspunkt:
– Kva la de merke til?
– Kva var lett å forstå og kva var meir vanskeleg?
– Var det noko som overraska dykk?
– Kva slags spørsmål har de til diktet?

I tillegg kan desse spørsmåla inngå i samtalen:

«Kunstgjødsel»

– Kva slags bilete får du i hovudet når du les dette diktet?
– Kva slags forbindelsar ser du mellom dei to delane i diktet?
– Kva handlar dette diktet om?
– Kva føler du når du les det?

 

«Glyfosat»
– Kva handlar dette diktet om?
– Kva slags bilete får du i hovudet når du les dette diktet?
– Kva føler du når du les det?
– Kva trur du den siste setninga betyr?

 

Deretter kan de trekke inn nokre av dei andre dikta i antologien.
Det går til dømes an å snakke om:

– Kva slags likskapar og ulikskapar legg de merke til mellom de ulike diktene?
– Synest de at dikta har eit felles tema?
– Opplever de desse dikta som typiske dikt?

– Korleis opplever du det lyriske eg-et i dikta. Beskriv dette eg-et.
– I kva grad utviklar det lyriske eg-et seg i løpet av dikta.

– Er de einig med dikta?

Til slutt kan elevane ta stilling til diktas kvalitet:
– Liker de dikta? Kvifor/kvifor ikkje?
– Er det eit dikt de liker betre enn andre i dette utdraget? Kva er det med dette de liker?

 

Aktuelle kompetansemål: 

– Lese et representativt utvalg samtidstekster, skjønnlitteratur og sakprosa, på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk, og reflektere over innhold, form og formål (VG1)

– Skrive kreative, informative og argumenterende tekster, utgreiinger, litterære tolkninger, drøftinger og andre resonnerende tekster på hovedmål og sidemål (VG2)

– Skrive kreative, informative og resonnerende tekster, litterære tolkninger og retoriske analyser

 

* Spørsmåla i denne delen er inspirert av boka Samtidslyrikk i klasserommet av Kjersti Rognes Solbu og Jon Opedal Hove (Fagbokforlaget 2017)