Opplegg til Blindsone

FØR:

Munnleg:

– Kven er forfattar Anders Totland? Veit de om andre bøker han har skrive?

– Kva betyr blindsone, og kvifor trur de at det er tittelen på boka?

– Dette er ein roman om kjærleik. Kva forventing har de til slike bøker?

– Veit de om andre bøker og filmar om kjærleik?

– Kva skjer når ein blir forelska?

UNDER:

Ta ein pause i lesinga. Snakk saman to og to.
– Korleis vil de beskrive miljøet i utdraget?
– Kor tenkjer de at handlinga finn stad?

ETTER:

Munnleg:

– Korleis trur de det går med Sanne og Henrik?

– Kvifor er bil så viktig for Henrik?

– Kva slags bil har han?

– Trur de bilen er viktigare for Henrik enn Sanne?

Skriftleg:

– Kva veit de om rånekulturen i Noreg? Lag ei faktaoversikt.

– Er det rånekultur der de bur? Viss ja, skriv om korleis de opplever rånekulturen.

– Lag ei oversikt over kva ein skikkeleg god rånebil treng å innehalde.

Samanlikning:
Munnleg:

Blindsone hentar inspirasjon frå tv-serien Rådebank, som gjekk på NRK og fekk veldig mange sjåarar.

– Kvifor trur du denne tv-serien blei så populær?

– Kva slags likskapar finn de mellom Blindsone og Rådebank?

Les om boka om tv-serien her

Oppgåver:
Individuelt:

– Skriv ei side om kva du trur Henrik tenkjer på når han køyrer bil.

– Skriv ei side der du køyrer bil. Kva slags bil har du? Kor køyrer du? Kva tenkjer du på? Kva slags musikk høyrer du på?

– Teikn bilen til Henrik eller din eigen draumebil.

Les kva ungdom i Uprisen meiner om boka her. Er de einige i bokmeldingane. Får de lyst til å lese heile boka?

– Under utdraget kan de legge igjen kommentarar om kva de synest om utdraget. Likte de det? Kvifor/kvifor ikkje? Fekk de lyst til å lese heile boka? Vil de anbefale ho til andre?

I klassa:

– Lag ei speleliste med songar som kan fungere bra på biltur. La alle elevane kome opp med ein song kvar.

Kompetansemål

Her finner dere noen av kompetansemålene arbeidet med Litt redd, bare kan knyttes til. Dette er kompetansemål etter Vg1 studieforberedende utdanningsprogram, i fagene norsk, samfunnskunnskap, sosialkunnskap, og psykologi 1 og 2. Det er også mulig å bruke oppgavene i arbeid med kompetansemål på andre linjer. I tillegg kan man utvide oppgavene slik at de kan brukes i arbeid med kompetansemål på 2 og 3 vgs.

Norsk:

– lese, analysere og tolke nyere skjønnlitteratur på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk

– greie ut om og drøfte norskfaglige eller tverrfaglige temaer muntlig