Nils Henrik Smith: 11 meter. Straffesparkets historie

FØR:

Klassesamtale.

– Korleis forstår elevane tittelen på boka?
– Kva betyr 11 meter i denne samanhengen?
– Kva veit de om straffespark i fotball?
– Er det nokon som veit og som kan forklare det til dei andre?
– Kva tenkjer de om ei bok om straffesparkets historie?
– Kjenner elevane til legendariske straffespark og straffesparkkonkurransar i fotball?
– Kven trur de ei slik bok vender seg til?
– Har de sjølv vore involvert i straffespark som skyttar eller som målvakt? Viss ja, kva var forskjellane?

Utdraget startar med ein prolog.
– Kva er ein prolog?

Tittelen er Ein epistel om einsemd.
– Vet de kva ein epistel er for noko?
– Kva betyr einsemd?
– Kva trur de prologen handlar om?

Be elevane notere/merke alle namna på fotballspelarar og lag dei kjem til å lese om i utdraget. Det er viktig for aktiviteten etter lesinga.

UNDERVEGS:

Stopp lesinga nedst på side 27, etter «Tja».
Snak saman i klassa:
– Korleis vil de oppsummere det de har lese til no?
– Kven er forteljaren?
– Kva er det forteljaren hugsar?
– Kva slags inntrykk gjorde desse minna på forteljaren?
– Kor viktig er det at forfattaren er personleg?
– Er det nokon i klassa som har ei liknande oppleving av ein straffesparkkonkurranse i fotball eller frå ein anna idrett?
– Kvifor trur dei at ein av verdas beste spelarar bommar på målet frå 11 meter?
– Kva trur dei han tenkte før han skaut og etter at han bomma?
– Kva med målvakta, kva tenkte han før skotet kom og etter at han så at ballen føyk over mål?

ETTER:

1. Samtale om utdraget
Klassediskusjon

– Var forteljinga like personleg heile vegen? Kva endra seg?
– Kva synest de om utdraget? Fekk dei lyst til å lese vidare?
– I kva grad synest de at det blei meir forståeleg kva eit straffespark inneheld, ikkje berre reint sportsleg, men òg psykologisk hos spelarane, målvakta, trenarane og tilskodarane på stadion og framfor tv-en?
– Korleis trur dei det er å vere både skyttar og målvakt på eit straffespark?
– Kvifor er presset så stort på den som skyt, men ikkje på målvakta?
– I kva slags situasjonar kjenner de på eit press?
– Kva gjer de for å takle presset? Har de nokre tips?

– Kvifor meiner forfattaren at fellesskapet vert oppløyst i ein straffesparksituasjon.

2. Gruppearbeid
Del elevane i grupper.
Dei skal no gå gjennom namna dei noterte/merka seg.
Dei kan velje seg ut nokre namn, finne ut meir informasjon om desse og halde ein presentasjon for klassa.


Ekstra:

1. Skriv ein kort biografi om Roberto Baggio.
Finn ut kva slags spelar han var? Kva slags klubbar spelte han for? Kor mange landskampar og mål har han for Italia?

2. Lag ein faktaoversikt over Italia som land og av fotballen i landet.

3. Leit opp straffesparket som Baggio bomma på i VM i 1994. Sjå det på YouTube og prøv etterpå å beskrive det skriftleg eller munnleg. Alternativt kan du skrive tankane som gjekk gjenom hovudet til Baggio i sekundane før.

4. Korleis gjekk det med Noreg i VM i 1994?
Klarar du å finne ut kor mange kampar Noreg spelte og korleis det gjekk i kampane?

5. Under press
Gå rundt i klassa og spør kameratene dine om tips til korleis ein best handterer press.
Lag ei liste med tips til deg sjølv