Lars Petter Sveen: Fem stjerner

FØR:

13 stikkord

La elevane førestille seg kva som skjer i utdraget ut ifrå 13 stikkord.

(Ein kort introduksjon til denne aktiviteten finnest ca. 26 minuttar ut i dette foredraget med Sture Nome, universitetslektor ved Universitetet i Stavanger.)

Her er eit forslag til 13 slike stikkord frå utdraget frå Fem stjerner:

båten, Aisha, redd, blåse, Middelhavet, roper, svømme, ripa, bølgje, Aaliyah, smell, fjæra, kystvakta

Be elevane om først å kategorisere stikkorda i tre kolonnar: personar, miljø, handling.
Elevane skal deretter føreseie kva de trur utdraget handlar om ved å skrive ein kort tekst.

Dersom du vurderer at utdraget kan bli ei utfordring for elevane, kan det vere ein fordel å lage ei liste med ord og omgrep som du trur kan vere vanskelege for (nokre av) elevane dine og dele ut lista til elevane. Orda kan stå aleine eller som del av dei setningane dei opptrer i. La elevane markere kva for ord dei er sikre på tydinga av, kva for ord dei trur dei kan og kva for ord dei eventuelt ikkje kan. La dei deretter gå rundt i klassa og samanlikne med dei andre. Klarar dei i fellesskap å finne tydinga til alle orda? Framlegg til kva ord det kan dreie seg om (her vil det vere stor skilnad på bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar):

bere (s.48), telje (s.49), breidd (s.49), draumar (s.49), lågvatnet (s.49), røysta (s.50), dykk (s.50), porene (s.50), kvese (s.51), kviskrar (s.52), lèt (s.53), annleis (s.53), søkke (s.54), Pleiadane (s.54), rotne (s.54), smaug (s.54)

Det er også mogleg å be elevane finne til dømes 5 ord som dei ikkje forstår når dei les utdraget.

 

UNDERVEGS:

Elevane kan gjerne markere i teksten eller notere medan dei les.
– Setningar og formuleringar dei liker/ikkje liker.
– Spørsmål til teksten.

 

ETTER:

1. Førebels reaksjon på utdraget
Klassesamtale

Snakk først litt om kva dei klarte å føreseie og kva som overraska dei i utdraget frå Fem stjerner.
Be også elevane ta opp ting dei lurte på medan dei las, slik at alle har ei førebels forståing av kva teksten handlar om.

2. Vurdering

a. Personleg vurdering
Individuelt arbeid.

Be elevane ta stilling til utdraget:

Likte du utdraget? Kva er dei 3 viktigaste grunnane til at du liker/misliker teksten?

b. Finn argumenter
Arbeid i par

Del elevane inn i par. Be dei snakke saman i gruppa med utgangspunkt i vurdering og argumenter frå punktet over.

Elevane skal nå lage to lister: ei liste med argument for, og éin liste med argument mot, til kvart av synspunkta.

Be også elevane diskutere kva for argument de synest er gode og grunngi kvifor.

Elevane skal deretter bruke disse argumenta. Først skal de argumentere for, og så skal de argumentere mot. Dette gjer dei etter tur: Den eine argumenterer, mens den andre berre høyrer på.

c. Byt standpunkt
Grupper på fire

No skal para gå saman to og to (grupper på fire). I kvar av desse nye gruppene, skal to og to debattere mot kvarandre. Den eine gruppa skal argumentere for, og den andre gruppa skal argumentere mot. Etter fem minuttar skiftar gruppene på kven som skal argumentere for og mot.

Når debatten er ferdig i gruppene, kan han helde fram i heil klasse. Streken kan brukast som ein måte å få fram og synleggjere ulike meiningar på.

d. Streken

Streken er ein metode for debatt i klasserommet. Føremålet med denne metoden er å få fram ulike meiningar og gode diskusjonar i klasserommet.

Marker ein strek i klasserommet med teip, bøker, ved å peike eller anna.

‘Streken’ skal fungere som ein einig/ueinig-akse, og elevane skal i løpet av diskusjonen plassere seg i forhold til denne aksen. Ein person – til dømes læraren – set fram ulike påstandar i løpet av sekvensen. Elevane skal plassere seg på den eine eller andre sida, eller midt på. Deretter blir det opna for grunngjevingar og diskusjon, og elevane får høve til å flytte på seg kvar gang dei endrar synspunkt.

Det kan være ein god idé å starte med uskyldige påstandar slik at elevane får høve til å prøve å flytte på seg før dei større diskusjonane startar. Framlegg til oppvarmingsspørsmål:

– Eg bada i sommar
– Eg liker at sola skin
– Eg gler meg til vinteren
– Eg liker sushi

Dette er spørsmål der det vil være ei viss usemje – men lite sannsynleg at mange flytter seg i løpet av diskusjonen. La derfor diskusjonen vere kort. Set deretter i gong med ein klassediskusjon på bakgrunn av utsegn frå den som leier diskusjonen.

Utsegna kan hentast frå eller basere seg på ei liste med argument frå gruppene dersom streken er førebudd med gruppearbeid (jf. framlegget over), men lærar kan også velje å førebu påstandar sjølv og/eller trekke ut påstandar frå diskusjonen etter kvart som han utviklar seg. Pass på at spørsmåla eller påstandane alltid er laga slik at alle alternativ er like riktige, det skal ikkje vere mogleg å velje «feil».

Deretter blir eit nytt synspunkt sette fram, og ein ny diskusjon begynner.

Viss mange av elevane plasserer seg på same side kan læraren trekke inn elevane i diskusjonen på følgjande måte: læraren ser at det er færre på den eine sida av streken og gir derfor ordet til eit par av dei elevane som er på den sida der det er færrast elevar. Elevane skal grunngi kvifor dei er einige/ueinige.

Til slutt blir elevane oppfordra til å gi uttrykk for om dei får lyst til å lese resten av boka? Kvifor/kvifor ikkje?

Opplegget over egnar seg også som førebuing til arbeid med bokmeldingar.

 

Skriveoppgåver:

1. Les Fem stjerner og skriv ei bokmelding.

2. Skriv vidare på utdraget. Kva trur du skjer vidare? Kva skjer med Aisha og Aaliyah? Klarar Aisha å redde seg sjølv og venninna si?

3. Skriv ein tekst der du diskuterer kva ein bør gjere for å løyse situasjonen med båtflyktningane i Middelhavet.

 

Forslag til kompetansemål:

-Lytte til og vise åpenhet for andres argumentasjon og bruke relevante og saklige argumenter i diskusjoner (VG1)

-Lese og analysere tekster på bokmål og nynorsk i ulike sjangere og ta stilling til spørsmål tekstene tar opp, og verdier de representerer (VG2)

-Lese et utvalg samtidstekster på bokmål og nynorsk og drøfte hvordan disse tekstene språklig og tematisk forholder seg til vår tid (VG3)