Ellen Kristvik: Notat ved avgrunnen. Ei mors forteljing

FØR:

Klassesamtale.

Sjå på framsida.
– Kva legg de merke til?
– Kva slags stemning kjem de i når de ser på omslaget?
– Kva slags relasjon tror de det er mellom dei to personane på framsida?
– Kva slags assosiasjoner får de av tittelen?
– Kva er eit notat? Kva kan ein avgrunn vere?
– Kva tror de boka handlar om?

Utdraget er markert som ei personleg forteljing, og boka er sakprosa?
– Kva slags forventingar har de til denne sjangeren?

Boka handlar om sjølvmord og det kan derfor vere lurt å førebu elevane på det.


UNDERVEGS:

– Strek under formuleringar du synest er gode
– Marker ord eller uttrykk som du synest er vanskelege å forstå

 

ETTER:

1. Snakk kort om teksten i heil klasse
Klassesamtale.

Gje elevane moglegheita til å ta opp ting dei lurte på mens de las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten.

 

2. «Stille lesesirkel»
Gruppearbeid.

Elevane går i grupper på 3–4 elevar som skal samarbeide om å lage ein «stille» lesesirkel, dvs. ein lesesirkel der dei ikkje får lov til å snakke, men berre skrive til kvarandre.

Kvar elev treng eit ark, noterer namnet sitt øvst i venstre marg og kan òg skrive «Hei» øvst på sida, ev. følgt av namn på gruppemedlemmane for å understreke det autentiske elementet. Elevane får no 1–2 minutt til å skrive om leseopplevinga si. Dei kan skrive tankar, kjensler, spørsmål eller andre reaksjonar på teksten dei har lese – heilt utan å snakke. Dei bør skrive med leseleg skrift og bruke så mykje av tida som mogleg til å skrive.

Når tida er ute, skal alle elevane sende teksten sin mot venstre, til den eleven som sit der. Elevane les arket dei har fått, skriv namnet sitt i venstre marg og får deretter 1–2 minutt til å reagere på teksten til naboen: Dei kan skrive ein kommentar til teksten, fortsette tankerekkja, skrive om dei er einige eller ueinige, stille spørsmål eller ev. sette i gang ei ny tankerekkje.

Etter tre rundar kjem arket att til eleven som starta å skrive på det. Vedkommande les tekstane og set strek under ei setning på arket – den setninga som eleven synest er mest interessant og som han/ho har lyst til å diskutere vidare i gruppa.

Deretter får elevane endeleg lov til å snakke. Be dei om å begynne med ei av dei utvalde setningane og la dei elles få snakke fritt om utdraget i nokre minutt.

 

3. Samtale i heil klasse
Klassesamtale.

Kvar gruppe kan no få seie litt om kva dei diskuterte i gruppa og i kva grad dei likte å jobbe med «stille» lesesirkel. Syt for at så mange som mogleg kjem til orde i samtalen.

Følg gjerne opp samtalepunkta ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.

Viss ønskeleg kan òg eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Kva slag inntrykk får de av Johanne?
– Korleis vil de beskrive mora?
– Korleis kjem sorga og kjenslene til mora fram? Finn døme.
– Kva trur de venninnene til Johanne ville sagt om ho?

– Kvifor trur de forfattaren brukar «notat» som sjanger?
– Synest de det fungerer? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kva slags verknad har dei korte notata på deg som lesar?
– Kunne more skrive historia på ei annan måte?

– Synest dere ein bør snakke om sjølvmord?
– Korleis meiner de i så fall at ein bør gjere det?
– Tenker de at dette er ei «viktig» bok? Kvifor?
– Er det nokre bøker som er viktigare enn andre? Fortel.

Samanlikn utdraget frå Notat fra avgrunnen med utdraget frå 11 meter.
Begge bøkene har ei personleg forteljarstemme, men kva skil bøkene?
Finn ord for di oppleving av utdragene: Spennande, underholdande, sterkt, trist, rørande, tankevekkande…
– Synest de ein kan samanlikne desse bøkene? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kva legg de vekt på når de kvalitetsvurderer desse utdraga?
– Kva for eit av utdraga liker de best?

Ekstraoppgåver:

1. Tenk på ei hending frå livet ditt. Skriv notat frå den tida.

2. Førestill deg at du er ein av venene til Johanne. Skriv notat frå den synsvinkelen.