Elena Ferrante: Mi briljante venninne

FØR:

Samtale i heil klasse om forventningar til utdraget
Klassesamtale.

Diskuter forventningane til utdraget.

Bruk ev. nokon av desse spørsmåla:

Teksten er skrive under pseudonym.

– Kva forstår de ved ordet pesudonym?

– Kvifor trur de at ein forfattar vel å bruke pseudonym?

Sjå på sjangeromgrepet.

– Vet de om andre bøker som passar til sjangeromgrepet oppvekstroman?

– Kva slags forventningar har de til ein slik roman?

– Korleis forstår de tittelen på boka, Mi briljante venninne?

– Korleis synest de at ein slik tittel passar på ein oppvekstroman?

– Kven trur de er hovudperson?

– Kva ser de på omslaget?

– Kven trur de det er på biletet?

– Kva slags stemning synest de at biletet formidlar?

UNDERVEGS:

Sitatlogg

Be elevane velje ein eller fleire samanhengande setningar som gjer inntrykk på dem. Det kan til dømes vere fordi setningane:

– er vanskelege å forstå

– gjer inntrykk

– er godt skrivne

  

ETTER:

1. Leseoppleving og sitat i grupper

Gruppesamtale

La elevane sitte i grupper og snakke om den spontane leseopplevinga deira. Be elevane om å lese høgt eit eller fleire av dei sitata som dei har valt ut og grunngi kvifor dei valde akkurat desse setningane.

2. Klassediskusjon

Klassesamtale

La først nokon av elevane lese høgt eit av sitata dei har valt ut og be dei om å grunngi valet.

Snakk deretter om utdraget ved å ta utgangspunkt i elevenes oppleving av teksten.

La samtalen utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som bygger vidare på svara til elevane – da opplever dei at leseopplevinga deira vert høyrt og teke på alvor.

Bruk ev. nokon av desse spørsmåla:

 

– Kven synest de er hovudperson i utdraget?

– Kva tenker de om måten Elena beskriv Lila på?

– Korleis vil de beskrive forholdet mellom Lila og Elena?

– Korleis synest de at valet av forteljar påverkar framstillinga?

– Kan vi stole på eg-forteljaren (Elena)?

– Kva er et godt vennskap?

– Kvifor trur de at dei to jentene konkurrerer så mykje?

– Kva trur de den «degraderinga» som blir nemnt på side 106-107 har å seie for forholdet mellom dei to jentene?

– Kva synest de om måten lærarane, til dømes frøken Oliviero og Ferraro, leier barna og klassane på?

– Korleis forstår de tittelen, Mi briljante venninne, etter å ha lese utdraget?

– Kva trur de skjer vidare i boka?

De kan også ta opp att spørsmålet om kva sendaren av ein tekst har å seie for korleis den blir lese:

Fleire av forfattarane i antologien har forskjellige «skriveposisjonar»:

Elena Ferrante og M.R Carey er pseudonym.

Lucia Berlin er død og har blitt kjent for sjølvbiografiske tekstar etter sin død.

Boka om Agent Storm har blitt skreve i samarbeid med to journalister.

Guiseppe Catozzella skriv ein roman om ei jente som faktisk har levd og som døde på flukt frå Somalia.

– Har desse informasjonane om forfattarane noko å si for leseopplevinga?

 

Forslag til kompetansemål:

-Lytte til og vise åpenhet for andres argumentasjon og bruke relevante og saklige argumenter i diskusjoner (VG1)

-Lese og analysere tekster på bokmål og nynorsk i ulike sjangere og ta stilling til spørsmål tekstene tar opp, og verdier de representerer (VG2)

-Lese et utvalg samtidstekster på bokmål og nynorsk og drøfte hvordan disse tekstene språklig og tematisk forholder seg til vår tid (VG3)