Ahmet Altan: Eg får aldri sjå verda igjen

Dette opplegget eignar seg som førebuing til arbeid med Fritt Ord-konkurransen 2019-2020

FØR:

Sjå på omslaget og les ingressen.
– Kva legg de merke til på framsida?
– Kva slags samanheng er det mellom framsida og tittel?
– Kvifor trur de at elementa på framsida – til dømes orda og fuglen – har blitt plassert slik?

Boka er omtalt som fengselslitteratur.
– Kva slags forventingar har de til denne sjangeren?
– Veit de om andre bøker, film, seriar osb. som kan passe i ein slik sjanger?

– Kva veit de om det mislykka kuppforsøket i Tyrkia sommaren 2016?
– Kva trur de vert meint med «ei underbevisst melding»?
– Kva vil det seie å bli dømd til fengsel på livstid?

UNDERVEGS:

Vel ut 2-3 setningar som gjer inntrykk på dykk, som de liker eller misliker.

ETTER

1. Førebels reaksjon på utdraget
Klassesamtale

Lét først elevane sitte i mindre grupper og grunngi valet av setningar for kvarandre.
Ta deretter opp ev. spørsmål til teksten i heil klasse.


2. Vurdering

a. Personleg vurdering
Individuelt arbeid.

Be elevane ta stilling til utdraget:
– Likte du utdraget?
– Kva er dei 3 viktigaste grunnane til at du liker/misliker teksten?

 

b. Finn argumenter
Arbeid i par

Del elevane inn i par. Be dei snakke saman i gruppa med utgangspunkt i vurdering og argumenter frå punktet over.

Elevane skal nå lage to lister: ei liste med argument for, og éin liste med argument mot, til kvart av synspunkta.

Be også elevane diskutere kva for argument de synest er gode og grunngi kvifor.

Elevane skal deretter bruke disse argumenta. Først skal de argumentere for, og så skal de argumentere mot. Dette gjer dei etter tur: Den eine argumenterer, mens den andre berre høyrer på.

c. Byt standpunkt
Grupper på fire

No skal para gå saman to og to (grupper på fire). I kvar av desse nye gruppene, skal to og to debattere mot kvarandre. Den eine gruppa skal argumentere for, og den andre gruppa skal argumentere mot. Etter fem minuttar skiftar gruppene på kven som skal argumentere for og mot.

Når debatten er ferdig i gruppene, kan han helde fram i heil klasse. Streken kan brukast som ein måte å få fram og synleggjere ulike meiningar på.

 

d. Streken
Heil klasse

Streken er ein metode for debatt i klasserommet. Føremålet med denne metoden er å få fram ulike meiningar og gode diskusjonar i klasserommet.

Marker ein strek i klasserommet med teip, bøker, ved å peike eller anna.

‘Streken’ skal fungere som ein einig/ueinig-akse, og elevane skal i løpet av diskusjonen plassere seg i forhold til denne aksen. Ein person – til dømes læraren – set fram ulike påstandar i løpet av sekvensen. Elevane skal plassere seg på den eine eller andre sida, eller midt på. Deretter blir det opna for grunngjevingar og diskusjon, og elevane får høve til å flytte på seg kvar gang dei endrar synspunkt.

Det kan være ein god idé å starte med uskyldige påstandar slik at elevane får høve til å prøve å flytte på seg før dei større diskusjonane startar. Framlegg til oppvarmingsspørsmål:

– Eg bada i sommar
– Eg liker at sola skin
– Eg gler meg til vinteren
– Eg liker sushi

Dette er spørsmål der det vil være ei viss usemje – men lite sannsynleg at mange flytter seg i løpet av diskusjonen. La derfor diskusjonen vere kort. Set deretter i gong med ein klassediskusjon på bakgrunn av utsegn frå den som leier diskusjonen.

Utsegna kan hentast frå eller basere seg på ei liste med argument frå gruppene dersom streken er førebudd med gruppearbeid (jf. framlegget over), men lærar kan også velje å førebu påstandar sjølv og/eller trekke ut påstandar frå diskusjonen etter kvart som han utviklar seg. Pass på at spørsmåla eller påstandane alltid er laga slik at alle alternativ er like riktige, det skal ikkje vere mogleg å velje «feil».

Deretter blir eit nytt synspunkt sette fram, og ein ny diskusjon begynner.

Viss mange av elevane plasserer seg på same side kan læraren trekke inn elevane i diskusjonen på følgjande måte: læraren ser at det er færre på den eine sida av streken og gir derfor ordet til eit par av dei elevane som er på den sida der det er færrast elevar. Elevane skal grunngi kvifor dei er einige/ueinige.

Deretter blir eit nytt synspunkt sette fram, og ein ny diskusjon begynner.

Når debatten er ferdig, vert elevane spurt om å foreta ei endeleg plassering ut ifrå kva dei meiner om teksten. Læraren spør nå:

«Utdraget ifrå Eg får aldri sjå verda igjen er en god tekst – einig eller ueinig?»

 

3. Diskusjon og opplegg til Fritt Ord-konkurransen

Det er òg mogleg å bruke eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål i ein diskusjon av utdraget.
Spørsmåla er valt ut slik at dei samstundes kan leggje opp til at klassen eller enkeltelevar kan delta i Fritt Ord-konkurransen.

Vi anbefaler at utdraget ifrå Eg får aldri sjå verda igjen vert brukt som førebuing til å delta i Fritt Ord-konkurransen 2019-2020 der temaet er krise. De kan lese meir om konkurransen her. På nettstaden til konkurransen finn de òg forslag til korleis ein kan forstå omgrepet krise.

– Diskuter i fellesskap samanhengane mellom utdrag og tema: I kva grad meiner de at omgrepet «krise» kan få fram nye aspektar ved utdraget?
– Kva tenker de på når de høyrer ordet krise?
– Kva kan eit samfunn gjere for å unngå kuppforsøk?
– Kva synest de om måten Erdogan har reagert på? Grunngi svaret.
– Korleis trur de at de hadde klart å leve i eit slikt samfunn?
– Kva hadde vore annleis?
– Kva er det i teksten som tyder på krise?

Forteljaren tenker på politiet med ein gong det ringer på døra.
– Kva seier det om situasjonen han er i?
– Kva synest de om at han lager te til dei som ransakar huset?

Forteljaren er godt førebudd da han vert henta.
– Kva tenker de om det?
– Kva ville de gjort om de måtte førebu dykk på ein krisesituasjon?
– Kva synes de om svaret forteljaren gir politimannen: «Eg røykjer berre når eg er nervøs»?
– Er de samd med han i at setninga endrar på krisa? Grunngi svaret.
– Kvifor trur de forteljaren er så oppteke av opphavet til setninga?
– Kva har ei slik krise å seie for moglegheitene til å tale og tenke fritt?
– Kva slags betydning kan språket ha i ein krise-situasjon?
– Kva synest de om slutten på utdraget?
– Korleis trur de forteljaren vil handtere situasjonen han står i på slutten?
– I kva grad trur de han klarer å overvinne den nye røyndommen?
– Trur de Altan vil få sjå verda igjen?

Etter arbeidet med utdraget anbefaler vi å legge til rette for at alle elevane i klassen kan få delta i Fritt Ord-konkurransen 2019-2020.

Skriveoppgåver:

1. Les Eg får aldri sjå verda igjen og skriv ei bokmelding.

2. Skriv vidare på utdraget. Kva trur du skjer vidare? Kva skjer når dei kjem inn i fengselet? Trur de Ahmet Altan klarer å ta vare på motstanden?

 

Ekstraoppgåve:

Skoleåret 2019-2020 har Fritt Ord ein konkurranse der alle elevar i vidaregåande skule vert oppmoda til å bidra. Tema for konkurransen er: Krise.

Eg får aldri sjå verda igjen er eit av fleire utdrag i årets Rein tekst-antologi som egner seg godt som utgangspunkt for å delta i Fritt Ord-konkurransen, til dømes ved å legge til rette for ein refleksjon over i kva grad krise er eit relevant omgrep å bruke i samband med utdraget. Du kan òg velje å berre la deg inspirere av temaet i teksten eller måten han er bygd opp på.

Skriv ein tekst eller lag ein medieproduksjon med tema krise og send inn bidraget ditt i Fritt Ord-konkurransen. Då har du moglegheita  til å vinne pengebeløp (kr 20 000, kr 15 000 eller kr 10 000) og studietur til Strasbourg.

Du kan lese meir om konkurransen her. Fristen for å levere er 2. mars 2020.

 

Aktuelle kompetansemål:

– Lytte til og vise åpenhet for andres argumentasjon og bruke relevante og saklige argumenter i diskusjoner (VG1)

– Lese og analysere tekster på bokmål og nynorsk i ulike sjangere og ta stilling til spørsmål tekstene tar opp, og verdier de representerer (VG2)

– Lese et utvalg samtidstekster på bokmål og nynorsk og drøfte hvordan disse tekstene språklig og tematisk forholder seg til vår tid (VG3)