Helene Guåker: Høgspenning livsfare

FØR:

Klassesamtale.

– Kjenner de uttrykket høgspenning livsfare?
– Kvifor trur de dette uttrykket er brukt som tittel.

Sjå på framsida.
Kva for ein av figurane på framsida trur de er hovudpersonen i boka?

Utdraget er markert som identitet.
– Kva slags forventingar har de til tekster i denne kategorien?

Gå inn på nettsidene til Rein tekst og klikk på framsida til Høgspenning livsfare.
Gjer klar til å spele av lydfila til utdraget som ligg i høyremargen. Fortel elevane at dei skal ta notat medan dei lyttar slik at dei etterpå kan skrive eit samandrag av teksten.

UNDERVEIS:

Ta notat til teksten mens de lyttar til lydfila. Spel gjerne av lydfila to gongar.

 

ETTER:

1. Skriv eit samandrag
Individuelt arbeid.

Skriv eit samandrag av utdraget på bakgrunn av notata deira.

2. Samanlikn samandraga
Grupper på to-tre elevar

Når alle har skrive eit samandrag, samanliknar elevane det de har skrive i grupper på to-tre elevar:
– Kva er likt, og kva er ulikt?
– Korleis er det å skrive samandrag av ein tekst utan å ha lese han – berre å ha lytta?

3. Diskusjon
Klassesamtale

Del først erfaringane med å skrive samandrag i heil klasse.
Snakk deretter om teksten med utgangspunkt i leseopplevinga til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og følg opp med spørsmål som bygg vidare på svara til elevane. Eitt eller fleire av følgande spørsmål kan ev. inngå i diskusjonen:

– Kva slags assosiasjonar får de til kapitteloverskrifta Heime-borte-heime?
– Kva trur de er heime for Lea?
– Går det an å ha fleire stader ein kallar heim?
– Kva er heime for deg?
– Har Lea lyst til å dra heim til foreldra sine?
– Kva har forandra seg heime hjå foreldra?
– Kvifor trur de ho kjenner på ein trong til å hoppe framfor toget og hoppe ut frå ei bru?
– Kvifor trur de Lea vil at konduktøren skal høyre kva slags musikk ho høyrer på? Kva seier det om Lea?
– Kvifor trur de mora har det slik ho har det?
– Kva tenkjer de om korleis faren handterer situasjonen?
– Korleis handterer Lea det?
– Korleis trur de at de ville handtert ein slik situasjon?
– Kva tenkjer de om ideen Lea har om at moren og faren skal komme på konserten og at Lea skal synge og stråle favorittsongen til moren?
– Kva tenker de om at ho blir så sint?
– Kvifor ljug ho til faren om at ho har fått skyss til togstasjonen?
– Kva synest de om korleis faren reagerer?

– Liker de utdraget frå Høgspenning livsfare? Kvifor/kvifor ikkje?

 

Aktuelle kompetansemål:

– lese, analysere og tolke nyere skjønnlitteratur på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk (VG1)

– bruke fagkunnskap og retoriske ferdigheter i norskfaglige diskusjoner og presentasjoner (VG2)

– bruke fagkunnskap og presist fagspråk i utforskende samtaler, diskusjoner og muntlige presentasjoner om norskfaglige emner (VG3)