Høgspenning livsfare
Lea går på vidaregåande skule, bur på hybel og har få venner. Heime ligg mor sjuk.
HEIME-BORTE-HEIME
Eg ser på klokka. Det er tjue minutt til toget går. Eg ser meg rundt og sjekkar om eg har gløymt noko, sjekkar at eg har mobilen, ser i ryggsekken at der ligg boka eg hadde tenkt å ta med, ladar, vassflaske, ein liten sjokolade. Den hadde eg nesten gløymt. Et han fort, ståande, drikk litt vatn, går ut døra og går til høgre ut på vegen. Det er småkjølig ute, men himmelen er blå.
Trea attmed toglinja har att berre nokre få raudbrune blad no. Dei ser kalde ut, men eg trur dei har det ok. Det er meininga at dei skal sleppe blada, slik at nye skot får komme til.
Eg bur her. Dette er heimen min. Det er ei lita bygd, men den er ok, den er større enn den eg kjem frå. Her har dei bibliotek og tre matbutikkar, ei pizzabule som serverer pizza med altfor tynn botn, ein storkiosk med verdas beste veggisburgar, og ein brun pub for alkisar. Det er ein heilt ok stad å bu på hybel og gå på skule. Eg stoppar ein augeblink og ser meg rundt før eg går opp trappa til plattforma. Det er ikkje så mange som skal reise med toget herifrå, det er sjeldan det, men toget er vel fullt av pendlarar som skal heim til familien i helga.
Eg stiller meg rett ved det blå skiltet der det står Eidsberg. Bak meg høyrer eg varselsignalet frå bommen. Toget fløytar ved overgangen, det er berre nokre hjarteslag unna.
Eg snur meg og ser mot toget. Der er den trongen att. Tek eit steg fram. Dunk, dunk. Tek eit til. Dunk, dunk, dunk. Eg stoppar. Dunk. Eg vil hoppa framfor toget, men eg vil ikkje hoppa. Tek eit steg tilbake, vekk frå perrongkanten.
Eg vil jo ikkje døy.
Når eg går over ei bru, har eg lyst til å hoppe uti elva. Ikkje fordi eg vil døy. Eg vil berre hoppe. Og dei få gongene eg har vore på teater eller opera, så har eg hatt lyst til å reise meg og rope noko stygt. Men eg gjer det jo aldri.
Toget stoppar, ein barnefamilie skal av. Vogn og to digre koffertar og greier. Det tek lang tid, og det blir ein viss trengsel bak meg, eit eldre ektepar og to andre på min alder, som eg ikkje kjenner. Eg ser framover, dei andre dørene har alt lukka seg. Vurderer å sprenge meg ut av trengselen og gå til ei av dei fremre vognene, men eg tør ikkje, er redd for ikkje å komme med på toget. Endeleg er eg om bord, toget er fullt, og det er berre så vidt det gamle ekteparet får ein stad å sitte. Eg står i midtgangen da konduktøren kjem, eg syner fram studentbeviset og billetten på mobilen. Han er ikkje så gammal, kanskje berre nokon og tjue, har tjukke ringar i begge øyreflippane, tatoveringar som stikk utanfor jakkeerma, og han ser ut som han speler i band. Det er sånn rockegutane her omkring ser ut. Dei går på metalpuben i Kvitfjord og drikk og speler biljard og røyker i bakgarden, og av og til når det er konsert, står dei framme ved scena og syng og viser rock on-teiknet. Eg veit det berre fordi eg sneik meg inn på ein konsert i Kvitfjord rett etter at eg flytta, men eg vart kasta ut av dørvakta lenge før konserten var over. Eg gjekk til nærmaste busstopp og kom meg tilbake til hybelen. Kunne hatt ein verre dag.
Eg set på Ghost og håper at konduktøren skal høyre det når han kjem tilbake, hovudtelefonane mine lek lyd som ein sil. Eg står og ser ut vindauget mens eg syng inni meg, har akkurat lært meg heile teksten på «Kiss the go-goat».
Innsjøen som ligg rundt øya eg voks opp på, er der framme i horisonten. Mellom der og her er det nypløgde jorde og små, raude hus. Det er berre eit stopp mellom her og heime. Sånn ser ruta mi ut: Eidsberg, Kvitfjord, Heime. Eg vil helst vere med pappa ute på garden, men eg kan ikkje la mamma vere aleine, det kjennest som eit svik å komme heim til dei og skulle vere med pappa no. Det er ikkje for han eg kjem, det er for ho.
Mamma søv. Dei neste to dagane er det det einaste ho gjer. Ho søv i senga, søv og orkar ingenting. Ikkje dusje, ikkje ete, ikkje snakke, berre sove. Det hjelper ikkje at eg går rundt i huset og nynnar på songen hennar, på songen Astrid og eg skal framføre på konserten. Mamma har blitt så tynn. Det er mest ikkje att noko av ho. Kjakane er innholne, auga ligg som djupe søkk i ansiktet, dei er ikkje like blå som dei pleier, dei verkar blasse, eller som om dei har ei grå hinne over seg. Ho ser rynkete ut, som ei drue som ligg ute i sola og held på å forvandle seg til å bli ei rosin. Det er berre det at ei rosin er søt. Ho er ikkje søt i det heile. Håret hennar er feitt. Det er uråd å seie kor lenge sidan det er ho tok ein dusj. Det går berre ikkje an å vere så sliten.
Eg er også sliten! Men eg står opp og dusjar og kler på meg og lagar frukost og lunsj og middag, og ho skal ete, ho skal faen meg ete. Men ho kjem ikkje ned da både pappa og eg roper at det er mat.
– De må hugse å sette av dagen for konserten, seier eg til pappa.
Han tek ein bit av brødskiva og ser spørjande på meg mens han tygg ferdig. Eg veit ikkje om han gjerst på å stappe munnen full av mat slik at han får tid til å tenkje seg om, men han let ikkje til å ane kva eg pratar om. Havregrauten eg nett har ete, ligg som ein varm ball i magen, og det pleidde vere den beste kjensla, heilt sidan eg var lita, har eg sagt om havregraut at han ligg i magen som ein varm ball. Men no er det som den begynner boble og koke og vekse seg dobbelt så stor. Eg veit ikkje kvifor eg forventa at mamma hadde fortalt det til pappa. Eg må ha gløymt at det er andre spelereglar no. – Eg skal synge på julekonserten i november, seier eg spakt. Orkar ikkje møte blikket hans, berre strekker meg etter korga med brødskiver, sjølv om eg har vondt i magen.
– Så flott, da! Vi kjem sjølvsagt.
Han spør ikkje kva eg skal synge. Han spør ikkje om eg allereie har fortalt det til mamma. Han seier ikkje at dei ikkje pratar med kvarandre, men det fattar eg av meg sjølv. Ho pratar ikkje med nokon. Men ho må komme seg opp snart, slik at ho kjem på konserten. Mens eg står på scena, skal det gå ein stråle fram til ho. Ein stråle som gir ho alt det ho treng for å kjenne at ho trengst.
På sundagen lagar eg bananpannekaker. Mens eg står med steikepanna framfor meg og haugen med pannekaker veks på tallerken ved sida av komfyren, tenkjer eg på korleis eg skal få ho til å komme ned. Ser for meg at eg seier at ho må komme og ete fordi eg så gjerne vil vere litt saman med ho. Eller at eg skrik som ein galning og ristar i ho. Og at eg dreg ho etter meg ned trappa, som om ho var ei diger dokke. Eg bestemmer meg for ein mellomting.
– No har eg laga bananpannekaker, seier eg mens eg lener meg inntil døropninga med tallerken framfor meg så ho skal sjå kor godt det ser ut.
– Og eg vil at du skal komme ned og ete saman med meg.
Ho stirer rett framfor seg.
– Du skal stå opp og ete no, elles ringer eg legen.
Det berre dett ut av meg. Legen? Kor kom det frå?
Ho rykkjer ikkje til, men ho heiser seg opp på olbogen, svingar beina sakte utfor sengekanten. Eg står og ser på at ho reiser seg. Ho møter ikkje blikket mitt ein einaste gong.
NB! På grunn av rettigheter har vi slettet deler av utdraget og lydfila.