Fem stjerner
Middelhavet
Det har begynt å blåse opp. Ei bølgje slår over ripa.
Aisha høyrer noko som dunkar i båten.
«Høyrde du det», spør ho, «det er eitt eller anna som bankar.»
Aaliyah svarer ikkje.
«Kanskje havet er levande», seier Aisha, «kanskje det prøver å bere oss fram.»
Aaliyah seier ingenting, nikkar berre, og Aisha held fram der ho var før ho høyrde lyden.
«Fleire gongar har eg trudd det var over», seier ho, «andre gongar trudde eg alt ville gå bra, og at ingen ville legge merke til noko om vi berre kom oss over havet.»
«Det er ikkje slik», seier Aaliyah, «det du ber, vil ikkje forsvinne.»
Aisha ser vekk, prøver å samle tankane, snur seg tilbake.
«Ver så snill, Aaliyah, eg ber deg, ikkje fortel det til dei andre.»
Aaliyah held blikket hennar, opnar munnen og skal til å seie noko, men mannen som sit nær dei, bryt henne av.
«Kva snakkar du om», seier han.
Aisha bøyer hovudet.
«Ingenting», seier ho.
«Ingenting», spør mannen og ser på Aisha.
«Ingenting», seier ho igjen.
«Fint, for om det er ingenting, ikkje snakk om det», seier han. «Ikkje snakk meir om sjøen. Ikkje snakk om det som bankar. Ikkje snakk om vinden, ikkje om dette vraket vi sit i. Du veit ingenting om meg. Du skal ikkje vere den som fortel mi historie, du får ikkje lov å gjere den til di. Så ikkje snakk om det, ikkje om sjøen, ikkje om det som bankar, ikkje om noko som helst. Slik, no er det sagt. Ikkje ein gong til.»
Aisha tenkjer at mannen er sprø, ho prøver å ikkje bry seg om han. Med det same er det noko som igjen slår i båten. Eit tungt dunk frå undersida.
«Der», seier mannen ved sida av dei. «Høyrde du», seier han til Aisha og så Aaliyah, «det er dei, dei kallar på oss. Ikkje snakk meir.»
Aisha har prøvd å halde styr på tida, ho har prøvd å telje minutta, timane. Men ho gløymer seg, Aaliyahs ord surrar rundt i hovudet. Og det smertar i ryggen, det kjennest av og til som ho har krampe i underlivet. Ho lurer på om ho har tissa på seg, eller om ho blør. Ho vil ikkje vite, vil ikkje vite, stirer berre ut på sjøen. Han er uroleg, han reiser seg, bikkar, blir borte, reiser seg på nytt. Same mønsteret, alt reiser seg, alt blir borte.
Havet heime var så sjølvsagt. Eit teppe lagt under føtene deira, ein duk breidd utover. Mor fortalde historier som sette seg i fingrane, i tærne, som kjentest levande lenge etter morgonen jaga nattas draumar bort. Historier som berre mor kunne fortelje, om blekksprutar i mørke grotter, lysande fiskar, vesen med fleire føter og hale og krabbeklør som kutta hòl i garn og trekte båtar under på stille kveldar.
Alle desse historiene kjennest så langt vekke no. Sjølv far, Aisha hugsar han ikkje lenger slik han var. Berre kor sliten han verka den siste tida, før han vart borte. Korleis han lukta som tang og søppel i lågvatnet. Ikkje slik ho mintest han frå da ho var lita, da fingrane og skjegget hans lukta av havets bølgjetoppar. Ikkje slik lenger, ikkje kledd i ein skimrande ham av fiskeskjel.
Said har manøvrert seg bort til Aisha og Aaliyah og spør om det går bra. Aisha er redd han skal bli kasta over bord av bølgjene, båten ruggar kraftig. Men Said er stor, og han veit det, det nyttar ikkje be han sette seg. Ho har alltid kalla han Store Said, det var namnet hans frå dei var små. Musklane og den breie, kraftige nasen. Det bustete håret og hendene som alltid er knytte. Han er fetteren hennar, dei er fødde med berre nokre veker mellom seg, men han er nesten ein vaksen no.
Said kastar eit blikk bort på mannen som talte til dei, og seier høgt: «Plagar han dykk? Om nokon plagar dykk, rop på meg.» Mannen berre ristar på hovudet. Aisha ber Said halde opp. «Eg kan svømme», seier Said. «Og eg kan kaste slike over bord», avsluttar han med eit nikk mot mannen.
«Godt», bryt mannen inn, «godt. No, set deg ned og ver stille. Eg er sikker på at du kan svømme heile vegen fram med denne båten på ryggen, men eg blir sliten av å høyre på deg. Hald fred, er du snill.»
Nokre av dei andre omkring humrar.
Said strammar hendene og ser raskt bort mot den andre sida av båten, der Isir og Khadar sit. Dei er eldst, Isir er sytten, Khadar atten. Aisha veit at Isir har bedd Said om ikkje å lage bråk.
«Ser du etter land», seier mannen, igjen er det fleire som humrar.
Said skal til å seie noko, men Isir bryt han av ved å rope namnet hans.
Khadar har allereie reist seg og prøver å komme seg bort til der dei er. Men heile båten er full, det er ikkje lett å gå fram og tilbake. Det er fleire som har lagt seg ned på dekk for å be. Vinden blæs sterkare og sterkare, og det er hender og føter og kvesande stemmer, og plutseleg lyder den mektige røysta til kapteinen frå styrhuset.
«Hald dykk i ro», brøler han, «eg stansar ikkje for å plukke opp dei som dett uti.»
Aisha tek handa til Said.
«Sit hos oss, Store Said» seier ho, «det er fint at du er her.» Said trekker på skuldrene, vinkar til Khadar, som gir opp og pressar seg tilbake til Isir. Said lirkar seg ned ved sida av Aisha og Aaliyah. Det er så vidt plass til han på den breie tofta dei bruker som benk. Igjen lyder det eit dunk frå under båten, Aisha kjenner det opp gjennom ryggen no.
«Den lyden», seier Aaliyah.
«Det må vere noko med motoren», bryt Said henne av, «heile denne båten er falleferdig.»
Mannen ved sida av dei snøftar. Aisha ser bort på han, og han møter blikket hennar og seier: «Dei kallar.»
Said skal til å seie noko, men Aisha lener seg mot han og seier det er ingenting, Store Said, det er berre ein lyd.
Han luktar slik Said alltid har lukta. Sjølv da han begynte å vekse og fekk hår på haka og på overleppa og huda på fingrane hans vart ru og harde, sjølv da lukta Said på same viset. Aisha skjønner ikkje korleis ein kropp kan gi frå seg ei slik duft. Det minner henne om små frukter som enno ikkje er modne. Det minner henne om brisen frå havet på kjølige morgonar, rett før mørket slepper taket.
Dei tulla med det da dei var barn. Aisha erta Said med at han var ei korg med umodne appelsinar. Said trekte berre på skuldrene og sa at han lukta slik fordi mor hans fekk han mens faren var ute på sjøen. Det var vatnets lengsel som sat i porene hans.
Ingen av dei fortel slike historier lenger.
«Eg kan svømme», mumlar Said.
Aisha opnar auga. Bølgjene slår stadig inn over båten no, vinden synest å kvese som eit dyr. Ho er redd, prøver å reise seg, men det gjer så vondt nede i underlivet, det strålar opp gjennom ryggen.Ho krokar seg saman.Munnen er tørr, ho har vanskar med å svelgje, og føtene har sovna. Aaliyah vrir på seg, ho har ikkje sagt noko til Said enno. Ikkje nemnt det dei prata om. Said løftar opp flaska og gir henne til Aisha, ho gir henne vidare til Aaliyah.
Aaliyah tek ein sup, hostar og spør om det er lenge igjen.
Said stirer ut på havet og svarer ikkje.
«Det er ikkje motoren», seier Said, «eg har sete og høyrt etter. Motoren er ikkje der», og han peiker med fingeren rett ned.
«Det er der dunkinga kjem frå», held han fram.
«Sjøen kallar på meg», seier Aaliyah.
Aisha kikkar på henne. Ho verkar sliten, eller er det noko anna.
«Sjøen kallar på meg», seier Aaliyah igjen.
Aisha prøver ikkje å tenkje på det ho har høyrt fleire i båten kviskrar om. Alle dei som prøvde å krysse havet før dei, alle som ikkje nådde fram, dei er rett under. Det er dei som bankar.
Aaliyah snur seg mot henne og ser på Aisha med eit trist blikk.
«Dei er her», seier ho, «heile sjøen er full av dei, dei klorar og riv og bankar for å komme om bord.»
«Kva meiner du», seier Aisha.
Aaliyah berre ristar på hovudet.
«Ikkje enno, men snart, snart vil du forstå», seier ho.
Aisha kastar eit blikk på Said, men det verkar ikkje som han høyrer kva som blir sagt.
«Kan du svømme», spør Aaliyah.
«Ja», seier Aisha, «ja, eg kan svømme.»
«Det er bra», seier ho.
Aaliyah tek hendene hennar.
NB! Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget.