Etter orkanen

Rein tekst-aktuelle Richard Ford er klar med ny bok.

Let Me Be Frank With You
Richard Ford er kvart år kandidat til Nobels litteraturpris, men heller ikkje i år fekk han prisen. Dessverre. Men han vart med i Rein tekst! Utdraget i antologien er henta frå hans siste bok på norsk, Canada. Dette er ei vakker og vond historie om to barn som opplev at foreldra deira ranar ein bank. Da politiet kjem og hentar far og mor, blir barna aleine. Kvar skal dei dra, kva skal dei gjere?

Richard Ford er kanskje mest kjent for novellene sine, og for bøkene om Frank Bascombe. No kjem han med ei heilt ny bok om Bascombe, romanen Let Me Be Frank With You. Boka er delt inn i fire historier, der vi følgjer Frank når han reiser gjennom område i USA som er råka av orkanen Sandy.

Les meir om boka her.