Ingebjørg Liland
Ingebjørg vann delfinalen i Tromsø og er poesiklar før finalen på Litteraturhuset i Oslo.
Ingebjørg er 46 år og kjem frå Kjøllefjord i Finnmark. Ho er utdanna siviløkonom, jobbar som kulturkonsulent i Lebesby kommune og har drive med revy, stand-up og film. For tida går ho på Forfattarstudiet i Tromsø.
Korfor blei du med på slam, korfor likar du konseptet?
– Eg så slam første gong i Tromsø for to år sidan, og syntes det så gøy ut å være med. En fin måte å få presentert eigne tekstar på!
Kva type tekstar skriv du?
– Eg skriv helst humoristiske tekstar med tanke på sceneopptreden eller filmatisering.
Les du? Kva bøker likar du best?
– Eg les mykje forskjellig! Her er nokon nye og gamle favoritter: Sofi Oksanen, Marguerite Duras, Janet Frame, Alice Munro, Jane Austen, Hamsun og Dickens.
Fredag 26. november klokka 19:00 kan du oppleve Ingebjørg i finalen i NM i poesislam på Litteraturhuset (Wergelandssalen) i Oslo.
Gratis inngang!