Meir krim i Leseskogen

Fredag 31. august startar eit nytt mysterium i Leseskogen. Lars Mæhle har skrive ei forteljing kor eit kapittel vil bli publisert på leseskogen.no kvar fredag frå veke 35-39.

Skrevet august 24, 2018 i Barneskole, Bibliotek/lærer, Formidling, Nyheter, Presse Legg inn kommentar

Skogskrim: Fredag 31. august kjem første kapittel i høgtlesingshistoria «Bjørnen og blåbærtjuven» på leseskogen.no. Forfattar er Lars Mæhle.

Mæhle er ein prisvinnande forfattar som har skrive mange bøker både for barn, ungdom og vaksne. Forteljinga i Leseskogen heiter «Bjørnen og blåbærtjuven» og er ein ekte skogskrim.

Første kapittel i denne høgtlesingshistoria kjem på leseskogen.no fredag 31. august klokka 0700. Vidare vil det bli lagt ut eit nytt kapittel kvar fredag fram til haustferien.

– Ved sida av ei nyskriven tekst kvar fredag i fem veker, vil det vere mogleg for klassane å sende inn tilbakemeldingar og idear til forfattaren om korleis dei vil at forteljinga skal utvikle seg. Det vil også bli ein teiknekonkurranse kor ein kan vinne nye bøker til klassa, seier Troels Posselt i Foreningen !les.

– Vi håper at mange har lyst til å vere med og ønskjer alle ein god lesestart i det nye skuleåret, legg han til.

Er du ikkje registrert på leseskogen.no, kan du gjere det her