!lesespalte: Per Magnus Finnanger Sandsmark

Det er sommar, bokår og lesetid. I sommarvekene vil vi publisere korte intervjuer med forskjellege folk om bøker og lesing. Gjest denne veka er direktør i Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Skrevet juli 9, 2019 i Formidling, Nyheter Legg inn kommentar


Navn:
Per Magnus Finnanger Sandsmark
Tittel:
Direktør i Nynorsk kultursentrum
Alder: 29 år

Les akkurat no:
– Hyttebok frå helvete av Are Kalvø og Kjønn på museum som Brita Brenna og Marit Anne Hauan har redigert.

Første boka eg las:
– Det må vere ei av bøkene om Ludde av Ulf Löfgren, omsette av Tor Åge Bringsværd. Det var dei artigaste forteljingane eg visste om. Eg budde i Trodheim fram til eg fylte fem år, og der kalla eg biblioteket for Luddeteket. Av og til når eg ser meg i spegelen medan eg pussar tennene, løftar eg tannkosten opp mot nasen og høyrer «Nei, Ludde, du skal ikke pusse nesen, nå» inni meg og ler litt.

Boka eg ville tatt med meg til ei øde øy:
Om det var heilt audt så ville eg hatt ei lang bok, men som var variert og som både ville provosere, glede, uroe og undre meg. Eg ville nok vald Bibelen. Få andre stader ville eg fått kjærleik, brutal vold, dikt, absurde lover og gode levereglar i ei og same boka.

Forfattar som har hatt stor betyding for meg:
– Tekstane av Arne Garborg har synt meg at ein aldri kan finne seg sjølv, men alltid kan tenkje seg vekk.

Setning frå ei bok eg aldri gløymer:
«Eg ser dykk, beinmenn frå Koreas jord, skrymta som skuggar bak eit tingingsbord, der din død, bror, er bos i planlagd bragd» frå diktet Korea i diktsamlinga Seint rodnar skog i djuvet. Når lyrikken er så konkret som dette, og set seg på netthinna og i beinmergen samstundes som han slår hardt i magen er det få estetiske opplevingar som kan ryste meg meir enn ei treffande setning i eit dikt.

Sakprosabok som har gjort inntrykk:
Det er veldig mange. Sanning, innsikt og gode argument er tiltrekkjande. Eg blir også tiltrekt av det som er litt skummelt og rart. Samtidsruinar av Marit Eikemo er boka eg oftast har gitt i gåve i andre. Ho reiser til bygg som er blitt forletne, men ein gong var arbeidsplassar eller attraksjonar. Måten ho fangar dei tomme bygga, liva som ikkje er der og dermed skildrar samfunn og kultur fascinerer meg.

Litterær karakter eg gjerne skulle ha vore:
Gjerne er ei overdriving, men eg hadde hatt godt av å vere Brita Løstøl i trilogien om Løstølsfolket av Gro Holm. Boka handlar om ei bondekone som står midt i eit land, ei verd og mange liv i forandring på 1800-talet. Midt i det strevsame og vanskelege ser ho dei som har mindre. Boka er òg eit bevis på at forteljinga om Noreg, industrialisering, hamskiftet i landbruket og Amerika-utvandring ser annleis ut frå eit kvinnehovud enn dei mange mannehovuda som har fått vere eg-et i andre forteljingar. Eg skulle gjerne opplevd verda frå eit anna hovud og eit anna utgangspunkt enn mitt eige.

Morosamste boka eg har lese:
Eg fann Den første avisa på Lofotveggen og andre tekstar 1972–1977 av Sissel Solbjørg Bjugn i den velfylte, men lite nytta hylla for dikt på Halden bibliotek då eg var i tenåra. Eg lo høgt på bussen på veg heim. Nokre år seinare fann eg ho i «kassert»-kassa på Surnadal folkebibliotek, og tok ho med meg. Her er alt frå absurde dikt om å dele opp eit fiskestykke og å vere naken i skogen til ting eg ikkje heilt forstår.

Beste lesedrikke:
– Mjølk

Beste stad for lesing:
– Der eg får fred og lyst

Forfattar eg gjerne skulle ha kjend:
– Eg ville gjerne vore omgangsven med Aasta Hansteen. Ho gav ut den første læreboka på nynorsk, var kvinnesaksforkjempar, kunstnar, rett og slett langt over snittet kul og om seg.

Sånn får eg lesetips:
– Eg har ei tante som bed meg lese bøker ho liker. Eg har kollegaer som fortel engasjert om bøker dei har lese. Eg har vener som sender messengertips om gode leseopplevingar. Ved å snakke om lesing får eg lesetips.