!les20: Bibliotekaren frå Helvete

Då Stig Elvis Fursett heiste flagget for «blod og banning» i kulturen, fekk han døypenamnet «Bibliotekaren frå Helvete» i retur. Dette var på same tid som Foreningen !les tirra på seg enkelte rektorar og lærarar fordi det var banning og skrekk i bøkene som var med i tXt-aksjonen. Dermed var eit skjebnefellesskap etablert.

Skrevet oktober 9, 2017 i Bibliotek/lærer, Foreningen !les 20 år: 1997 - 2017, Nyheter Legg inn kommentar

Foreningen !les er 20 år i år. Kvar veke i jubileumsåret vil vi publisere tekster frå personer som har bidrege i vårt arbeid med å skape leselyst blant barn, ungdom og vaksne.


Denne veka kjem teksten frå Stig Elvis Furset. Stig Elvis har vore ein aktiv formidlar i fleire av Foreningen !les sine prosjektar. Han er og ein habil quizmaster. I dag jobbar han som bibliotekrådgivjar ved Buskerud fylkesbibliotek.

«HELSING TIL FORENINGEN !LES SITT 20-ÅRSJUBILEUM:

I byrjinga av 2000-talet fekk eg mi første faste stilling: Ungdomsbibliotekar ved Rygge bibliotek utanfor Moss. Eitt av tiltaka innanfor litteraturformidling som eg sette i verk var å heise flagget for «blod og banning» i kulturen. I retur fekk eg døypenavnet «Bibliotekaren frå Helvete» av ei gruppe konservative kristne som var svært aktive i lokalmiljøet. På same tid var Foreningen !les i ferd med å utvikle seg til ein sprelsk og obsternasig femåring, som tirra på seg enkelte rektorar og lærarar fordi det var banning og skrekk i bøkene som var med i tXt-aksjonen. Dermed var vi i eit skjebnefellesskap, med felles front mot alt som smakte av utidig sensur. I desse åra arrangerte Foreningen !les kvar vår ein seminardag i den raude murbygningen ved Prinsens gate i Oslo. Seminardagen var årets høgdepunkt, med full trøkk og fyring, og med ein i våre samanhengar avsindig høg temperatur på ordskiftet. Ja, det var nesten som å vere på fotballkamp. Etter det vart eg involvert i fleire av prosjekta, og har sett opp til Foreningen !les som den kule kameraten som aldri går tom for idèar.

Mediepanikken rundt «blod og banning» ser ut til å ha lagt seg i dvale. Men det betyr ikkje at det er blitt mindre underhaldande å lese bøker med desse ingrediensane. Så når eg får velgje lesestoff etter lystprinsippet, så er det skrekklitteraturen eg griper tak i. Slik er eg, innanfor dei litteratursosiologiske grensene til norske forlag, aldri vorten «vaksen» som lesar. Når eg er ute på klassebesøk i ungdomsskulen bruker eg å seie at eg likar bøker som gir meg mareritt. Eitterkvart har eg erfart at det er veldig mange som har det slik, og at det slett ikkje berre er gutar. Og betre grunn til å lese enn at eg kan få mareritt av det, har eg til dags dato ikkje funne. Vi kan kalle det «empatiens mørke side».

«Så viss eg skal trekkje fram noko av det mest morosame eg har gjort saman med Foreningen !les har det naturlegvis med «frygt og bæven» å gjere. Det var i prosjektet «Les for meg, pappa». Eg hadde ei formidling på eit foreldremøte eller pappakveld i ein barnehage utanfor Sandefjord. Dermed var også vaksenlitteratur med i bokbunken, og høgtlesing frå «Eldreomsorgen i Øvre Kågedalen» av Nikanor Teratologen var eit naturleg innslag. Eg kan like gjerne sakse frå evalureringa:

«Fikk tilbakemelding fra styreren i etterkant om at pappaene bare hadde gitt gode tilbakemeldinger, men en mamma hadde ringt og klaget på Elvis’ innslag. Hun ble ille berørt av «Eldreomsorgen i Øvre Kågedalen», og det var styreren enig i at var for sterkt.»

Det var også ei sann svir å delta i «Idrett og lesing», der eg fekk snakke om ein av mine store heltar, Diego Maradona, både for unge og vaksne i inn- og utland.
Dei seinare åra har vervet som quizmaster, saman med Bjørn Ingvaldsen, på Litteraturfestivalen på Lillehammer vore kjekt. Det spesielle er at det nesten kvar gong har skjedd eitt eller anna skandaløst, med kåring av feil vinnarlag to år på rad som det foreløpige høgdepunktet. Altså, eg og Bjørn veit korleis Warren Beatty og Faye Dunaway hadde det under årets Oscar-utdeling.

Men Foreningen !les sin kronjuvel er uansett Uprisen. Den innsatsen som dåke, saman med fleire generasjonar av ungdommar, har lagt ned der er av enorm betydning for alle oss som har eit hjarte som pumpar og slår ekstra hardt for ungdomslitteraturens betydning og status.

Gratulerer med 20 år!»