Oppgåver til bøkene i Bokprat
Bokprat er eit pilotprosjekt som skal sjå nærare på korleis litteratur kan fungere som ein samtalestartar mot mobbing. Her kan du sjå læraroppgåver til dei fire bøkene som er med i prosjektet.
Foreningen !les har fått midlar av Utdanningsdirektoratet til eit pilotprosjekt som skal sjå nærare på korleis litteratur kan fungere som ein samtalestartar mot mobbing, og korleis lesing av litteratur kan hjelpe oss med å prate om vanskelege tema.
I piloten Bokprat er det 12 utvalde skular på 7. trinn rundt omkring i Noreg som i løpet av hausten skal fordjupe seg i bøker om temaet og gjennomføre ein avsluttande samtale med forfattaren av boka dei har lese. Vi har i samarbeid med Nynorsksenteret utvikla lærarrettleiing til bøkene som er med i prosjektet. Klikk på bøkene for å finne oppgåver til boka:
Lappjævel! av Kathrine Nedrejord
Håndbok for unge antirasister av Tinashe Williamson. Illustrert av Thea Jacobsen
Berre hopp! av Åshild Moldskred
Torsdag 1. september arrangerte vi eit lærarseminar i Oslo. Der snakka psykolog Hedvig Montgomery blant anna om korleis vi kan bruke litteratur for å snakke saman om vanskelege tema.
Spørsmål?
Ta kontakt med prosjektansvarleg Siri Angell Flengsrud på siri@foreningenles.no