Opplegg til Berre hopp!

Her finn du læraroppgåver til Berre hopp! av Åshild Moldskred.

Skrevet august 24, 2022 i Barneskole, Formidling

Dette opplegget er laga av Nynorsksenteret i samarbeid med Foreningen !les

Temaet mobbing kan vere ekstra vanskeleg for enkelte elevar. Ver merksam på det i samband med arbeidet og spørsmåla. Ein av oppgåvene til før-arbeidet er lagde opp slik at elevane kan notere ned tankar for seg sjølv. Etterpå kan du samle inn og ta ei anonymisert oppsummering. Slik kan alle skal få same moglegheit til å dele tankane sine.

Les meir om boka her
Last ned pdf av lærarrettleiinga til Berre hopp! her

FØR LESING:

Studer framsida av boka og diskuter spørsmåla under i grupper eller i par.

  • Korleis vil de skildre framsida? Kva legg de mest merke til? Kva tenker de denne boka handlar om? Hugs å begrunne svara dykkar.
  • Sjå på jenta i forgrunnen. Kvifor er ho i ei annan farge, trur de? Kva trur de teikninga fortel oss om ho?
  • Kva trur de tittelen på boka fortel oss om handlinga?

Les baksideteksten individuelt og skriv ned svara dine. Del og diskuter deretter i par eller i grupper.

  • Kva tankar får du om handlinga?
  • På kva måte trur du Ingeborg er annleis og utanfor?
  • Korleis kan utfordringa Ingeborg får av storebroren sin gjere at ho sluttar å bry seg om kva andre seier om henne, trur du?
  • Om du skulle fått ei liknande utfordring, kva ville dei fire tinga du aldri har gjort før vore?
  • Kva kjenneteiknar ein person som er «tøff»? Finst det fleire måtar å vere tøff på?

Felles i klassa:

Eit av tema i boka er mobbing. Snakk saman og jobb vidare med spørsmåla nedanfor.

  • Kva er mobbing?
  • Kva tenker de når de høyrer ordet «plaging»?
  • Skriv ned assosiasjonane dine til ordet anonymt på ein gul lapp som læraren får.
  • Lag eit felles tankekart og/eller oppsummering på tavla basert på elevane sine anonyme assosiasjonar og tankar. Snakk saman om dei orda som står der.
  • Mobbing og erting er ikkje heilt det same. Kva er skilnaden? Diskuter saman to og to, og lag ei oversikt. (De kan lage ei digital framstilling eller teikne og skrive på eit ark. Lag ei felles oversikt i klassen til slutt).Det finst ulike måtar å mobbe på.
  • Dei som mobbar mest, korleis har dei det eigentleg? Kan det vere grunnar til at nokon plagar, erter, stenger ute og mobbar andre? Kva kan ein gjere for å hjelpe dei som ikkje er grei mot andre? Kva synest du at andre elevar, men og lærarar, rektor og foreldre bør gjere?
  • Individuelt: Skriv ned ulike måtar mobbing kan gå føre seg. (På nettet og via mobilen, utfrysing, ghosting, med blikk, fysisk, psykisk, latter, verbalt … fleire?)
  • Lever inn arket.
  • Felles: Læraren les opp og lagar ei felles oversikt i klassen etterpå. (Oppgåva blir teken igjen under etterarbeidet).

MEDAN DE LES:

  1. Noter ned stikkord eller sidetal der det enten er noko du ikkje forstår eller noko du liker spesielt godt. Diskuter dette med læringspartnaren din.
  2. Lag ei teikning til noko du har lese i romanen. Det kan vere badinga, skaterampen, fjøset til Bendik, besta i hengekøya eller ein annan situasjon. Tenk på kva som skal vere i forgrunnen og kva som skal vere i bakgrunnen.
  3. Les nokre av situasjonane i romanen på nytt. Først side 10 -12, så 129 – 132, 148 – 152. Diskuter kva som blir vanskeleg i desse situasjonane.
  4. Av og til ler alle i klassen av det ein medelev seier/svarar? I nokre situasjonar kan dette vere berre morosamt for alle, i andre situasjonar kan nokon bli lei seg. Kva synest du læraren og elevane bør gjere?

ETTER LESING:

(Det er sjølvsagt mogleg å velje dei oppgåvene som høver best for klassen)

  1. Kvifor blir skaterampen og brettet så viktig for Ingeborg?
  2. Kva er det som gjer at ho og Pernille har blitt uvenner?
  3. Kvifor er BB og besta så viktige for Ingeborg?
  4. Skriv ei skildring av Pernille og Bendik. Kva vil du legge vekt på? (Utsjånad, oppførsel, hyggelege/ekle snakkemåtar)
  5. Skriv ei melding/chat frå Ingeborg til Pernille der ho spør om dei kan vere vennar igjen. Skriv svaret frå Pernille, og så korleis denne meldingsvekslinga går vidare.
  6. Kvifor har høyreapparata fått namna P og J? Korleis ville det vere å gå ein heil time utan å høyre noko som helst? Skriv ned stikkord der du tenker over kva fordelar og ulemper det kan ha.
  7. Kvifor synest storebror Emil at Ingeborg treng å bli tøffare og gir ho utfordringane med å gjere noko ho eigentleg ikkje tør?
  8. Kva rolle har lærar Signe i konfliktane mellom elevane? Synest dokker ho gjer/seier det rette, eller er det noko anna ho burde ha gjort?
  9. For Ingeborg er det skilnad mellom ein vanleg dag og ein kudrit-dag. Kva er det som gjer noko til ein kudrit-dag?
  10. Ingeborg orkar ikkje lenger å lyge (s. 136), og fortel besta korleis det er på skolen. Kor viktig er det å fortelje ein vaksen om korleis ein har det? Inneber det å sladre?
  11. Kvifor ombestemmer Ingeborg seg og ikkje vil skrive eller seie «Pernille pappalaus» likevel?
  12. Før var friminutta noko Ingeborg gledde seg til. Nå sit ho aleine bak rampen og teiknar (s. 112). Kva liker du best med friminutta? Kva kan ein gjere for at alle skal ha det kjekt då?
  13. Moldskred bruker spesielle substantiv for å skildre korleis Ingeborg har det, t.d. brennmanethalsen (s. 114), kvefsestikklatteren (s. 44), skrubbsårhjarte (s. 85). Kva meining trur de ligg i desse substantiva? Kan de lage fleire slike substantiv som viser korleis ein kan kjenne seg?
  14. Lærar Signe har gjeve elevane i oppgåve å skrive ned positive sider ved seg sjølv. Nå kan de også gjere det – finn minst tre ting du liker ved deg sjølv eller kva du er flink til.
  15. Vel ei scene frå boka og lag eit rollespel saman i gruppa. Vis rollespela for kvarandre.

Andre oppgåver i samband med boka:

  1. Sjå på lista de laga med ulike mobbemåtar før de begynte å lese. Kva for nokre av desse punkta fann de att i boka? Var det ein mobbemåte som dominerte?
  2. Les råda som står på sida til Framtida junior om kva ein kan gjere om ein venn blir mobba, og diskuter råda. Er det gode råd? Kor lett er det å gjennomføre desse råda? Har de andre gode tips?
  3. Diskuter kva de i klassen kan gjere for å vere gode venner. Kvar elev skriv ned tre framlegg til gode, konkrete tiltak først, så legg alle fram etter tur i samla klasse. Klarer klassen å bli samd om tre tiltak som de vil gjennomføre? Dei tiltaka de blir einige om kan for eksempel skrivast ned på eit stort ark som alle elevane kan skrive under på, deretter kan den hengast på veggen i klasserommet.
  4. Kva for rettigheiter har elevar dersom dei ikkje har det bra på skulen? Søk på internett og/eller snakk med læraren/rektor/den sosialpedagogiske rådgivaren på skulen. Opplæringslova skriv at alle elevar har rett til å ha det bra på skolen:

«§ 9 A-3.Nulltoleranse og førebyggjande arbeid

Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Skolen skal førebyggje brot på retten til eit trygt og godt skolemiljø ved å arbeide kontinuerleg for å fremje helsa, trivselen og læringa til elevane.

– Kva inneber ein nulltoleranse? Kva meiner de skal til for at skolemiljøet er trygt og godt? Kva er viktige faktorar for trivsel? Kva rolle speler lærarar? Og politikarar?

  1. Det er også slik at det er elevanes eigne opplevingar av korleis dei har det på skulen, som er avgjerande. Kvifor er det slik, trur du? Kjelde
  2. Lag ei speleliste til Ingeborg: Gå saman to og to / sitt saman i grupper: Lag ei speleliste med låtar som får Ingeborg i betre humør. Spar på lista og finn ho fram igjen for å lytte til låtane ein dag du har lyst til det.
  3. Individuell oppgåve/par- eller gruppeoppgåve: Intervju ein vaksen: Det kan følast livsfarleg å bli utestengt frå det sosiale, frå gruppa vi tilhøyrer. Kor mykje dumt gjer vi for å vere med i flokken? Spør den vaksne de intervjuar om kva dei gjorde for å passe inn da dei var unge. Still gjerne oppfølgingsspørsmål om kvifor dei trudde dei måtte gjere det dei gjorde. Planlegg spørsmåla de vil stille, og skriv dei ned. De kan enten lage ein podkast eller skrive intervjuet.
  4. På kva måtar meiner de mangfald er ein styrke for samfunnet vårt? Korleis kan ein stille opp for kvarandre og seie frå om ein opplever urett?
  5. Førebu spørsmål til forfattarbesøket. Kva vil de spørje Åshild Moldskred om?

Lesetips til romanar om liknande emne:

Lars Mæhle: Tusenfryd
Kari Stai: Passe happy 
Inger Johanne Sæterbakk: Rundt jorda og tilbake
Harald Nortun: Spådama i 7B
Sunniva Relling Berg: Polarnatt
Atle Hansen: Klure
Atle Hansen: Apetryne
Inger Johanne Sæterbakk: 1000 dagar
Helene Guåker: Ein venn som meg

LÆREPLANMÅL

Her finn de nokre av dei læreplanmåla arbeidet med Berre hopp kan knytast til. Dette er kompetansemål etter 7. trinn i faga norsk, krle, samfunnsfag,  kunst og handverk, musikk, naturfag og kroppsøving. Ikkje alle læreplanmåla er dekt av oppgåvene og aktivitetane som er laga til, men de kan utvide og velje å trekke inn andre kompetansemål også.

Norsk:

  • lese lyrikk, noveller, fagtekstar og annan skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald
  • lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar
  • reflektere etisk over korleis eleven framstiller seg sjølv og andre i digitale medium
  • utforske og beskrive samspelet mellom skrift, bilete og andre uttrykksformer og lage eigne samansette tekstar

KRLE:

  • bruke filosofiske tenkemåtar i samtale og undring
  • utforske og beskrive eigne og andre sine perspektiv i etiske dilemma knytt til kvardags- og samfunnsutfordringar

Samfunnsfag:

  • reflektere over kvifor konfliktar oppstår, og drøfte korleis den enkelte og samfunn kan handtere konfliktar
  • utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
  • drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering
  • reflektere over korleis ein sjølv og andre deltek i digital samhandling, og drøfte kva det vil seie å bruke dømmekraft sett i lys av reglar, normer og grenser

Kunst og handverk:

  • utforske og reflektere over korleis kjensler og meiningar blir viste i kunst og bruke symbolikk og farge til å uttrykkje kjensler og meiningar i eigne arbeid

Kroppsøving:

  • forstå ulikskapar mellom seg sjølv og andre og delta i bevegelsesaktivitetar som kan vere tilpassa ikkje berre eigne føresetnader, men òg andre sine

Naturfag:

  • gjere greie for fysiske og psykiske forandringar i puberteten og samtale om korleis dette kan påverke kjensler, handlingar og seksualitet

Musikk:

  • øve inn og framføre song og musikk, i samspel eller individuelt, gehørbasert og ved bruk av enkle notasjonsteknikkar
  • utforske og formidle musikalske opplevingar og erfaringar
  • reflektere over korleis musikk kan spele ulike roller for utvikling av identiteten til individ og grupper