Kommentar: Bokslukarar i heile Noreg!
I eit innlegg på nationen.no svarar prosjektleiar for Bokslukarprisen i Foreningen !les, Troels Posselt, på Audun Skjervøy sin kritikk av manglande nynorskbøker i prisen. Skjervøy ønskjer at minst ei nynorskbok blir kvotert inn som superfinalist. Er det vegen å gå? spør Posselt.
I eit debattinnlegg i serien #Motkultur som vart publisert på nationen.no fredag 10. mai, skriv Audun Skjervøy om da han deltok på utdelinga av Bokslukarprisen i lag med elevar og lærar frå Valldal skule. Etter ein innleiande runde hausten 2018 der om lag 80 000 elevar på 5. og 6. trinn frå heile Noreg las utdrag frå ti bøker i aldersgruppa 10–12 år og stemte fram fem superfinalistar, sende 6. klasse ved Valldal skule inn ein søknad om å få vere juryklasse i prosjektet. Som mange andre klassar hadde dei fått lyst til å lese meir! Klassa blei vald ut til å vere ein av ti juryklassar som skulle avgjere kven som skulle vinne Bokslukarprisen. Dei fekk bøker og blei inviterte til å delta på utdelinga i Oslo 24. april. Her kunne dei også vere med og intervjue dei nominerte forfattarane og vere representerte på scena når barnas pris skulle delast ut.
Skjervøy vart med på reisa og understrekar i innlegget sitt at Bokslukarprisen har bidrege til «liv, lyst, litterær interesse, fagleg alvor og leseglede» hos elevane. Det er hyggeleg å høyre! Det er dessutan ei tilbakemelding som liknar på mange av dei evalueringane vi har fått på dette prosjektet sidan det vart lansert hausten 2014. I innlegget vel likevel Skjervøy å fokusere på «eitt skår i gleda» og meiner ein bør kvotere inn «minst éi nynorskbok blant dei fem superfinalistane». Dermed tonar han ned at nærare 80 000 femte- og sjetteklassingar i løpet av hausten 2018 har fått møte gode nynorske tekstar av til dømes Maria Parr og Atle Hansen. Han vel òg å tone ned ein annan sentral del av prosjektet: at det er barnas pris. Barna er med på å påverke kva slags titlar som skal vere med i antologien, dei stemmar fram superfinalistane og dei avgjer kva slags bok som skal vinne prisen. For oss i Foreningen !les er det viktig at barna vert lytta til, blant anna fordi det bidreg til auka kunnskap om barn som lesarar (ein masterstudent ved Høgskulen på Vestlandet brukte til dømes nyleg data frå Bokslukarprisen da ho skreiv om barnas kvalitetskriterium), men først og fremst fordi vi har erfart at det bidreg til at barna blir betre på å formulere og grunngi meiningane sine, får auka eigarskap til leseopplevingar og vert meir engasjerte i lesing og litteratur.
Skjervøy hevdar på si side at Foreningen !les ikkje viser «[…] ansvar for den språklege breidda i barnelitteraturen når dei skal kåre vinnaren av Bokslukarprisen» og finn ikkje «nokon vilje til å vise at det kvart år blir gitt ut svært gode barnebøker på nynorsk også for denne aldersgruppa.» Det er ikkje berre grove påstandar, men også heilt feil. Foreningen !les har meir enn 20 års erfaring med formidling av litteratur på begge målformene til ulike målgrupper. Vi samarbeider med mange nynorskaktørar og tek ei rekke omsyn når vi lagar leseprosjekt. Språkleg breidde, omsyn til sjangrar, kjønn og tema er gode døme på det. Når det gjeld aldersgruppa Skjervøy viser til – elevar på mellomtrinnet – har vi dessutan eit eiga prosjekt for formidling av nynorsk litteratur: Tid for ti. I løpet av dei siste fire åra har dette prosjektet formidla nyare nynorsk litteratur til om lag 100 000 elevar på 7. trinn i norsk skule. Både bokmåls- og nynorskskular i alle fylkar i Noreg. I både Bokslukarprisen og Tid for ti jobbar vi òg med å få til eit tettare samarbeid med lærarutdanninga på høgskular rundt omkring i landet. Dette gjer vi blant anna for at lærarstudentar skal få betre kjennskap til nynorsk litteratur og verte betre rusta til å formidle og jobbe med litteraturen når dei ein gong i framtida blir lærarar.
Foreningen !les er og har alltid vore opptatt av å formidle nynorsk litteratur og har eit godt overblikk over bøkene som kjem ut – for både barn, ungdom og vaksne. Vi veit at mange av dei nynorske bøkene held høg kvalitet. Men vi veit òg at det kjem ut mykje færre barne- og ungdomsbøker på nynorsk enn på bokmål – berre 5,12 prosent av barne- og ungdomsbøkene er på nynorsk, ifølge dei seinaste tala til Norsk barnebokinstitutt. Liknande tal gjeld òg bøker for aldersgruppa 10–12 år. I skuleåret 2018/19 har det til dømes berre kome ut to romanar for denne aldersgruppa. Dei vert nå vurderte til Bokslukarprisen det komande skuleåret. Dette talet er openbert for lågt, og vi håper derfor at Samlaget og andre forlag vil satse på fleire bøker for målgruppa til Bokslukarprisen.
Vi er samde med Skjervøy i at nynorskelevar må få møte sitt eige språk på ein måte som gjer at dei kan vere stolte av det. Vi er likevel usikre på om kvotering er løysinga, og i kor stor grad det også er noko forfattarane sjølv ønskjer. Det hadde vore interessant å høyre kva dei som skriv bøkene for denne målgruppa meiner. Er kvotering vegen å gå, eller skal ein satse på andre tiltak? For oss i Foreningen !les handlar det om å løfte fram dei beste av dei bøkene som faktisk kjem ut for aldersgruppa, samtidig som vi må halde fram med politisk arbeid, dialog og samarbeid med ulike aktørar for å sikre at fleire kvalitetssterke nynorskbøker når ut til formidlarar og lesarar i heile Noreg.
Av Troels Posselt
Prosjektleiar for Bokslukarprisen
Foreningen !les
troels@foreningenles.no
NB! Ein redigert versjon av denne teksten stod på trykk på nationen.no 21. mai 2019.