Høyringsfråsegn om boklov med merknadar

Foreningen !les svarar på høyringsspørsmål 1 og 2, og underbyggjer med erfaringar og statistikk.

Skrevet mars 12, 2013 i Meninger, Nyheter, Presse Legg inn kommentar

Oslo 12.03.13
HØYRINGSFRÅSEGN OM BOKLOV MED MERKNADAR

Dykkar referanse: 2013/0053

Avgrensing
Foreningen !les er ein ideell medlemsorganisasjon som jobbar for å auke leselysten i befolkninga generelt, og blant ungdom og barn spesielt. Ingen definisjonar under § 4 er dekkjande for oss, og me er heller ingen aktør i omsetninga av bøker. Men i formidlinga av bøker har me ei rolle, og erfaringane våre vil me gjerne få spele inn for å underbygge nødvendigheita av ei boklov.

Me er ikkje i posisjon til å kunne uttale oss i alle høyringsspørsmåla som Kulturdepartementet set fram, og kjem heller ikkje til å gjere det. Her svarar me på høyringsspørsmål 1 og 2, og underbyggjer med erfaringar og statistikk.

Høyringsspørsmål 1:
§ 1 Formål

To konkrete innspel til ordlyd i lova:
• Presisere at ein med norsk språk og skriftkultur meiner både bokmål og nynorsk.
• Få med at gode leseferdigheiter er ein føresetnad for å lukkast i eit moderne informasjonssamfunn.
Eitt konkret innspel til lovforskriftene:
• Inkludere formuleringar om korleis sikre god formidling av bredda og mangfaldet i litteraturen.

Ungdomsbøker
Dei siste ti-femten åra har ein ny sjanger vakse seg sterk og rikhaldig i Noreg: ungdomsbøker. Ungdomsbøker er livsviktige bruer mellom slukealderen 10–12 år og vidaregåande skule. Fell ein i frå som lesar i livet, skjer det gjerne i ungdomsskulen. At det finst eit bredt og kvalitativt utval med samtidsbøker som er skrivne særleg til ungdom, er utvilsamt med på å redusere dette fråfallet.

Denne sjangeren kunne ikkje eksistert på det ambisjonsnivået den gjer i dag utan fastprisordninga på nye bøker og andre viktige kultur- og litteraturpolitiske virkemiddel som innkjøpsordningane.

Ungdom er ikkje kjøpesterke konsumentar. Salstala skapar sjeldsynt merksemd. Barne- og ungdomsbøker får lite spalteplass i avisene. Dei gjævaste prisane går ikkje til forfattarane av desse bøkene. Det er svært gledeleg at Nordisk Råds pris for barne- og ungdomslitteratur vil bli delt ut for første gong i år, men det seier litt om statusen til feltet at denne prisen kjem først no.

Me trur ikkje at lågare prisar på ungdomsbøker ville ha endre på tilhøva skisserte over. Ungdomsbøker på norsk vil alltid vere for dyre for målgruppa. Biblioteka og skulebiblioteka er lågterskeltilbod der gratisprinsippet råder. Derfor speler desse ei viktigare rolle i å mette boksvolten til dei unge – og stimulere svolten igjen om han er stilna – enn bokhandlarane.

I høyringsnotatet står det at bokhandlarar i gatebiletet er viktig for aktiv formidling av eit mangfaldig litteraturtilbod (s. 4). Bredda og mangfaldet i litteraturen kjem først til si rett når bøkene blir formidla, og derfor hadde det vore naturleg om formidlingsaspektet og korleis sikre god formidling blei omtalt i forskriftene til lova. Biblioteka speler ei viktig rolle her, til liks med organisasjonar som Foreningen !les.

Desto viktigare er det at leverandørane får jobbe innanfor rammevilkår som gjer at dei kan utvikle kvalitetsbøker til denne målgruppa – utan at salstala er styrande for produksjonen.

Språkleg og tematisk mangfald
Det er viktig for utviklinga av norsk skriftspråk at det finst ein grobotn for norske forfattarar å jobbe og utvikle seg frå. Bestseljarlistene for barne- og ungdomsbøker er til ein kvar tid dominerte av omsette bøker. Skulle denne vore rådande for kva bøker det blei satsa på i forlaga og i bokhandlarleddet, hadde det fått alvorlege konsekvensar for forfattarstanden her til lands.

Særleg bekymra er Foreningen !les for utvalet av samtidslitteratur på nynorsk. I alle leselystkampanjane våre har me som prinsipp at minst 25 % av tekstane skal vere på nynorsk, og for kvart år blir det vanskelegare å halde dette.

I ein nyleg publisert statistikk utarbeidd av Norsk barnebokinstitutt/Nasjonalbiblioteket kjem det fram at berre 48 av dei 445 barne- og ungdomsbøkene som kom ut i 2011 var på nynorsk (11 %). Dette er ei nedgang frå 2009 då 53 av 361 bøker var på nynorsk (14,7 %). Nynorsk kultursentrum skriv i si fråsegn at det bør bli presisert i formålsparagrafen at ein med norsk språk og skriftkultur meiner begge målforma, og Foreningen !les støttar dette forslaget.

Eit tematisk mangfald er også viktig, kvar og ein har sine preferansar. Foreningen !les si erfaring er at lysten til å lese aukar dersom ein har fleire bøker eller tekstar å velje mellom. Vidare har forskjellige erfaringshorisontar forskjellige uttrykksmåtar, og lesing kan føre til større forståing for andre menneske og kulturar.

I eit moderne informasjonssamfunn er gode leseferdigheiter ein føresetnad for eit sjølvstendig liv. Det gjer det mogeleg for individa å ta imot informasjon, tileigne seg kunnskap og delta i demokratiet. I skulegangen er lesing og skriving viktig for å kunne gjere det godt i alle fag, og i yrkeslivet blir det stilt stadig strengare krav til gode lese- og skriveeigenskapar.

Me ser gjerne at det kjem endå tydelegare fram i formålsparagrafen at gode leseferdigheiter er ein føresetnad for å lukkast i eit moderne informasjonssamfunn. Slik vil ein indirekte seie at boklova også er til for den oppvaksande generasjonen av lesarar, ikkje berre for dei vaksne kjøparane.

Høyringsspørsmål 2:
§ 2 Lovens virkeområde

Foreningen !les er samd med Kulturdepartementet i at argumentasjonen for fastpris gjeld i like stor grad for digitale format som for papirformatet. Me går derfor inn for ”Alternativ 1 – e-bøker omfattet av loven”.

I 2011 blei ein rapport lagt fram om ungdomsskuleelevar sine ferdigheiter til å lese og vurdere digitale tekstar. Rapporten var ein del av den internasjonale og anerkjende undersøkinga PISA. Blant dei 19 landa som deltok gjorde norske elevar det middels. Det er tankevekkande når norske elevar ligg på toppen når det gjeld tilgang til data og Internett, både heime og på skulen.

Norsk e-bok produksjon ligg etter utviklingstempoet i andre land og treng føreseielege rammevilkår til å vakse og utvikle seg i. Det er viktig at utvalet og distribusjonen av ebøker kjem opp på det nivået som papirbøkene er. PISA-rapporten slår fast at gutar gjer det litt betre i digital lesing enn i den ordinære papirbaserte lesetesten. For nokre lesarar vil formatet vere utslagsgivande for interessa for lesing, og dei skal me ikkje miste.

Beste helsing,

Kristine Isaksen
Dagleg leiar (fung.)
Foreningen !les
E-post: kristine@foreningenles.no
Tlf: 22 400 600 / 952 01 968