Fotballforsking og læring i Sogndal

Sogndal har i mange år vært ein av Noregs beste fotballklubber på talentutvikling. No vil klubben etablere ein nasjonal arena for fotballutdanning.

Skrevet februar 1, 2013 i Idrett Legg inn kommentar

På klubbens heimeside skriv bloggar Oddvar Flæte om fotballprosjektet. Flæte fortel at Sogndal vi vidareutvikle samarbeidet med kompetanseorganisasjonar og utvikle kunnskapsbasert fotballforsking og – analyse»

Med andre ord: Samarbeid for å lære og fotballforsking.

Campus Fosshaugane er ei fantastisk leikegrind med topp anlegg og inspirerande omgivnadane. Her er kunnskap om det meste samla på ein stad gjennom idrett, høgskulens idrettsstudium og snart eget fotballstudium.

– Målsettingane er løfta opp og saman blankpussar Sogndal fotball og høgskulen på eit mål som nett nå ser slik ut: Etablere nasjonal arena for fotballutdanning, skriv Flæte.

Eit forprosjekt blei gjennomført i vinter. Det ga grunnlag for ei satsing. Kunnskap, ressursar og menneske var tilgjengelege – nå skal forprosjektet gå over til realisering.

– I år blir det installert måleutstyr både på bana og i hallen som gjer at forskarar og studentar vil få oppgåver i fleng – basert på det som skjer på bana. Eit måleutstyr som nøye registrerer alle rørsler som spelarane gjer og der studentar og forskarar vil kunne fortelje kva som verkar.

Klubben vil i vår også starte prosessen med å etablere eit studiepoenggivande kurs i toppidrett tilpassa fotball.

2013 kan bli starten på noko nytt for fleire enn dei 550 som nå har idrett som hovudarbeid på Fosshaugane.

Les meir om Sognal her.