Eivind Hofstad Evjemo vann Ungdommens kritikarpris

Torsdag 7. mars vart Ungdommens kritikarpris 2012/2013 delt ut. Elevjuryen ga prisen til «Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet».

Skrevet mars 11, 2013 i Bibliotek/lærer, Nyheter, Ungdommens kritikerpris 1 kommentar

Åpningstale: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen åpnet utdelingen av Ungdommens kritikerpris 2013. Foto: Vibeke Røgler/Foreningen !les.

Alle dei ni juryklassane var til stades da Ungdommens kritikarpris vart delt ut på Litteraturhuset. Juryklassen frå Mosjøen vidaregåande skole starta showet med å framføre to songar frå scena. Koret fekk opp stemninga i den stappfulle salen, før Kunnskapsminister Kristin Halvorsen tok ordet. Halvorsen er blitt ein tradisjonell gjest ved utdelinga av Ungdommens kritikarpris, og  også i år la ho vekt på at dette er eit av høgdepunkta for ho som kunnskapsminister. Statsråden la også vekt på kor viktig prisen var:

– Ei god bok som treff lesaren kan forme menneske og skape grunnleggjande forandring. Det handlar om å forstå meir av det vi ser rundt oss.

Fungerande leiar i Foreininga !les, Kristine Isaksen, snakka også om elevane i si tale.

– Vidaregåande elevar er ikkje så oppteken av forfattaranes status, tidligare bøker eller meiningane til andre kritikarar. I år har juryklassane vore særleg strenge på at vinnarboka skal spegle samtida. Boka skal seie noko om liva vi lev i dag. Ungdommens litterære smak er unik og verdt å lytte til.

Konferansier Anna Bache-Wiig intervjua to av elevane frå storjurymøtet. Hans Christian Wika frå Mosjøen vidaregåande skole og Liv Aarberg frå Nordahl Grieg vidaregåande skole snakka om korleis dei hadde jobba i klassane med dei nominerte bøkene.

Karoline Bækkevold Bakke og Thor Santana Imstøl frå storjuryen

Det vart stille i salen da Thor Santana Imstøl frå Bergen katedralskole og Karoline Bækkevold Bakke frå Hamar katedralskole kom på scena for å lese opp vinnaren. Seks av dei nominerte forfattarane i salen sat og var spente. Da vinnarens namn vart ropt opp, var det ein stolt og rørt Eivind Hofstad Evjemo som kom opp på scena.

Vinnar Eivind Hofstad Evjemo saman med storjurymedlem Hans Christian Wika og Kunnskapsminister Kristin Halvorsen

– Det er ikkje så lenge sida eg sjølv var elev på vidaregåande og vart opptatt av litteratur. At de har valt ei 500 sider lang bok om ein norsk kommune synes eg er interessant. Det er stort for meg. Tusen takk, sa Eivind Hofstad Evjemo.

Etter utdelinga var det lunsj for elevane og forfattarane, før dei tradisjonelle forfattarmøta kom i gang. Under forfattarmøta fekk elevane møte forfattarane, og spørje dei ut om dei nominerte bøkene.

Klokka to var arrangementet over, og Ungdommens kritikarpris 2012/2013 er no over. Vi gratulerer Eivind Hofstad Evjemo med å vinne prisen, og takkar juryklassana, skolebibliotekarane og juryklassane for arbeidet med prisen i år.

En kommentar på “Eivind Hofstad Evjemo vann Ungdommens kritikarpris

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *