Boktips på Nynorskdagen!

I dag, søndag 12. mai, er det Nynorskdagen! Treng du nynorske boktips? Her er eit utval for ulike målgrupper.

Skrevet mai 12, 2024 i Bibliotek/lærer, Boktips, Formidling

Høgtlesing/barnehage/SFO/AKS:


Er det sant at
Kari Stai
Illustrert av Kari Stai
Samlaget 2023 

– Dette var månadens bok i Les og lek i februar 2024. Les meir om boka og sjå aktivitetar her.


Gard er ikkje redd

Brynjulf Jung Tjønn
Illustrert av Sunniva Sunde Krogseth

Aschehoug 2022

– Dette var månadens bok i Les og lek i desember 2023. Les meir om boka og sjå aktivitetar her.


Kåre og Marimba hjelper til

Markus Lantto
Illustrert av Camilla Kuhn

Samlaget 2022

– Dette er månadens bok i Les og lek i mai 2024. Les meir om boka og sjå aktivitetar her.

Småtrinn/mellomtrinn:


Oskar og eg

Maria Parr
Illustrert av Åshild Irgens
Samlaget 2023

– Eg hiv meg på jubeldansen og hyllar denne. Som dei fleste andre, ser det ut til. Hjartevarme, rørande, søte, underfundige og nydelege skildringar av eit søskenpar sine opplevingar av eit heilt lite år saman. Oskar, som ikkje klarar å sitje stille. Ida, som er storesyster med stor S. Dei er bestevener, og varmen breier seg i brystet på annakvar side. Venskap, kvardag, samhald, familie, død, sakn, å vekse opp. Nye og gamle opplevingar. Når Oskar skal lære seg bokstavane, så gøymer han seg under bordet. Mamma teipar alle bokstavane under bordet, så Oskar kan liggje der og skyte dei. Pappa gjer alltid så godt han kan. Men det blir litt rotete uansett. Og så er det kanskje ikkje så kult å flytte på kvart sitt rom likevel? (Foreningen !les)


Full bajas

Ingunn Thon
Illustrert av Maja Kjellstad Aanonsen
Samlaget 2023 

– Orion er ein perfekt gut. Han er flinkast i alt, kan alt, gjer alt rett, spis ikkje sukker eller køyrer sparkesykkel. Han er vand til å få ros for alt han gjer. Han skal dessutan spele ein perfekt og viktig konsert på fløyta si. Men han har ingen vener. Den nye læraren let seg  ikkje imponere like mykje, og fortel Orion at han skal freiste å vere litt mindre perfekt. Det taklar han ikkje, og alt går i spinn. Fullstendig bajas! Ei hysterisk morosam forteljing om å prøve å senke skuldrane litt. (Foreningen !les)


Pepar & Gulrot

David Revoy
Omsett av Arild Torvund Olsen og Karl Ove Hufthammer
Outland forlag 2023 

– I Bok 1 følgjer vi heksa, Pepar, og katten, Gulrot, gjennom 29 episodar kor dei må takle ulike utfordringar. Episodane har tidlegare vore publisert som ein såkalla webcomic, i Noreg via Nynorsksenteret, men no har Outland forlag samla dei ei heil bok. Den magiske verda til Pepar & Gulrot har både humor og spenning, og er rikt illustrert av forfattaren sjølv, David Revoy. (Foreningen !les)


Gunnars rekordbok

Anders Totland
Vigmostad og Bjørke 2024 

– Anders Totland er og ein forfattar med fleire ungdomsbøker, både skjønnlitteratur og sakprosa, på merittlista. Gunnars rekordbok handlar, som tittelen avslørar, om rekordar. Om Gunnars rekordar som ingen får lese. Om verdas beste venn, Sivert, og om Vilde med verdas finaste smil. Om pappa, som berre er trist og ikkje kjem seg opp av sofaen. Men kva med mamma, kvifor skriv han ikkje om ho? Gunnars rekordbok er ei nydeleg bok om venskap og korleis takle sorgen ein har over ei mor som er borte og ein far som er fråverande. Som lesar kjem du garantert til å bli glad i Gunnar som hovudperson. (Foreningen !les)

Ungdom/ung vaksen:


Nidhoggr

Bjørn Sortland
Foto av Bjørn Sortland
Piggsvin 2024

– Sortland eksperimenterer i si nye ungdomsbok, Nidhoggr. I eit glimrande format blandar han korte tekstar med fotografiar. Det ligg ei foruroligande stemning over teksten frå starten av, sjølv om det tek nokre sider før det blir skikkeleg spennande. Når Sortland først har hekta deg på, er det vanskeleg å leggje boka frå seg. Nidhoggr handlar om 19 år gamle Marie som blir hyra av professor Finn Baal for å filme eit undervisningsopplegg på Slåtterøy fyr. Ho skal få 30 000 kroner for jobben, men er eigentleg Finn Baal ein professor eller har han andre hensiktar med å få Marie med seg ut på øya? (Foreningen !les)


Kvil i fred
Petter F. Strassegger
Samlaget 2023 

– I Strasseggers andre bok for ungdom, møter vi Per og bestekompisen, Oskar. Dei to gutane er utafor på skulen, stel øl på butikken kvar fredag og testar ut både rus og bilkøyring samstundes. Heime hos Per ligg faren på sofaen og drikk heile dagen. Fråveret til mor hans heng taust og tungt i veggane. Heldigvis finst det også trygge vaksne… Strassegger er utdanna psykolog, og har dessutan eigne erfaringar som liknar på dei han skriv om. Denne nærleiken til stoffet skin igjennom og styrker truverdet og drivet i forteljinga. Kvil i fred har få pustepauser og fleire overraskingar til lesaren. (Foreningen !les)


Hjartespreng 

Inger Johanne Sæterbakk 
Aschehoug 2023 

– Inga er dårleg i å vere 16 år. Ho får det ikkje til. Ikkje slik som dei andre jentene i klassen. Som festar, drikk og er med gutar. Inga vil vere med Nils, naboen som ho har kjent heile livet, men han er to år eldre og ein av skulens mest populære. Kan han sjå på ho som noko anna enn ein venn? (Foreningen !les)

Vaksen:


Austvestpassasjen

Ingvill Kjærstein
Samlaget 2024 

– I Austvestpassasjen følgjer vi ei ung, norsk kvinne som bur i Kyoto og jobbar som engelsklærar. Skildringane av Japan er levande og engasjerande, sjølv om hovudpersonen har eit ambivalent forhold til landet. Boka utforskar tema som einsemd, kulturforskjellar og kvinnehat. Fin debut, og eit forfattarskap eg er spent på å lese meir av. (Foreningen !les)


11%  

Maren Uthaug
Omsett av Ingvild Holvik
Samlaget 2023

– Maren Uthaug har skrive ein utopi eller dystopi, alt etter som korleis ein ser det. Ein til tider heilt ekstrem, morosam og intens sanseleg satire, er det i alle fall, så det er berre å hive seg på og bli med inn i framtida. Ei ny tid der kvinnene har all makt, etter hundrevis av år kor mannfolka har råda med krig, vald og rasering av jordkloda som resultat. Menn har bevist gong på gong at dei er livsfarlege og ustabile testosteron­bomber, og er no trygt plassert som avlshannar på eigne sentre. Vi blir kjende med fire kvinner, som alle reflekterer over ulike sider av dette nye samfunnet, på godt og vondt. Historiane blir i denne boka knyte saman når det viser seg at eit lite guteborn kan vere på rømmen. (Foreningen !les)

LES MEIR OM NYNORSKDAGEN HER

SJÅ FLEIRE BOKTIPS FRÅ FORENINGEN !LES HER