Bokslukarprisen: Slukarane har starta lesinga
Bokslukar-antologien på 5. og 6. trinn kjem i eit opplag på over 80 000, og har nyleg kome ut til påmelde skular. Og elevane er allereie i gong med å lese, levere bokmeldingar og lage teikningar til tekstane.
– Eg synes boka var bra fordi det var mykje spenning. Eg kjem til å lese heile boka når eg får ho, seier Maria ved Todalen oppvekstsenter om Mumiene våkner. Ankh av Monika Steinholm (illustrert av Tonje Clausen).
Om Apetryne av Atle Hansen seier Øyvind ved Voksen skole:
– Lettlest og sår bok på nynorsk, om mobbing og utestengelse.
Ola ved Nesoddtangen skole er begeistra for utdraget frå Bobla av Siri Pettersen:
– Den er helt super, veldig spennende. må nesten bare kjøpe hele boka sånn at jeg får lest den.
Til utdraga følgjer det også med mange aktivitetar. Til Ankh kan elevane til dømes sende inn teikningar av mumiar. Under kan du sjå eit utval av dei nærare 200 bidraga som til no har blitt sendt inn til oss i Foreningen !les.