De usynlige

Av: Roy Jacobsen i Lærer videregående, Nyheter, Ungdommens kritikerpris, Videregående Skriv anmeldelse

[finnboka query="De usynlige" btnClass="primary-button"]

Nominert til Ungdommens kritikerpris 2013/14.Juryens begrunnelse:

I romanen De usynlige skildrar Roy Jacobsen livet på Barrøy, ei lita øy ved Helgelandskysten.  Handlinga er lagt til 1920-talet, og livet er hardt for dei fem personane som skal overleve her. Dei må gjere mange val: skal dei bli eller reise, skal dei byggje nytt, skal dei grave brønn, skal dei kople seg på ferjesambandet og dermed få «storsamfunnet» tett innpå seg til faste klokkeslett kvar veke? Forteljaren let folket sleppe til med replikkar på dialekt, men dei seier ikkje særleg mykje. Dei arbeider desto meir: Når vesle Lars prøver å selje tørrfisk til brukseigaren og denne spør etter far hans, er Lars i ferd med å svare at han er far sin. Roy Jacobsen har skapt ei rik forteljing der menneska blir bundne av, men også sjøl bind seg til øysamfunnet dei lever i: De usynlige er ein roman som peikar mot ei nær – men likevel fjern – fortid, som indirekte kastar eit kritisk lys på vår samtid.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2013