Vinnarane frå «Sånn er det bare» er klare

Tonje Mørkestøl og Simon Olsen er vinnarane av skrive- og fotokonkurransen til Sånn er det bare. Les meir om dei og vinnarbidraga her.

Skrevet juni 25, 2013 i Bibliotek/lærer, Lærer videregående, Nyheter, Videregående Legg inn kommentar

Sånn er det bare er ei debattbok gitt ut av Aschehoug, og gitt i gåve til alle vidaregåande skoleelevar av Regjering og Storting i regi av Stemmerettsjubileet. Foreningen !les har blant anna hatt ein skrive- og fotokonkurranse knytt opp til boka. No er vinnarane kåra.

Tonje Mørkestøl (17) frå Noroff vidaregåande skole i Oslo, vann skrivekonkurransen med bidraget ”Oljeboring i matfatet”. Juryen skriv dette om Mørkestøls bidrag:

Juryen har vurdert ei rekke gode tekstar i konkurransen om beste debattinnlegg. Som vinnar har vi kåra Tonje Mørkestøl med teksten «Oljeboring i matfatet». Innlegget er godt og poengtert og tek for seg ei rekke vesentlige argument i debatten om oljeboring i Lofoten. Mørkestøl går rett inn i ein dagsaktuell politisk debatt, med ei tydelig og sterk stemme. Mørkestøl kjenner debatten og argumenta godt, og har god oversikt over fakta. Juryen legg også vekt på at Mørkestøl meistrar sjangeren godt, og er sakleg samtidig som ho ikkje er redd for å sette ting på spissen.

Du kan lese vinnarteksten her.

Vi tok ein prat med Tonje Mørkestøl.

Nytt bilde (4)

Kvifor sendte du inn tekst til skrivekonkurransen?

Vi hadde ei tverrfaglig oppgåve i naturfag og norsk som var tilrettelagt deltaking i denne konkurransen. Teksten vart altså skrive som ei skoleoppgåve, men eg valte å sende han inn til konkurransen i tilfelle noko godt kunne komme ut av det. Og det gjorde det visst!

Kva for tekst i Sånn er det bare var det som inspirerte deg?
Eg vart inspirert av teksten «Fra natur og ungdom til oljeindustrien» av Silje Lundberg.

Trur du at du vil vere engasjert framover i denne saken?
Eg er ikkje sikker på kort stort engasjementet kjem til å bli vidare i saken, men eg kjem definitivt til å vise interesse og følge med vidare i debatten.

Simon Olsen (18) frå friluftslinja på Stend Vidaregåande Skule vart vinnar av fotokonkurransen. Juryen skriv dette om vinnarbildet:

Vinnaren har både vist gode fotokunnskapar samt å svare godt på oppgåva. Bildet kan knyttast opp mot fleire av temaene i «Sånn er det bare», og skapte sterke kjensler hos juryen. Ord som vart nemnt er einsemd, dramatikk og uro. Bildet har god dybde, sterke kontrastar og benken er fint plassert. Eit bilde kan seie meir enn tusen ord, og ja – dette bildet gjer akkurat det. Vi synes fotografen har eit godt blikk og håper personen bak vinnarbildet halde fram med å fotografere i framtida.

Du kan sjå vinnarbildet her.

Vi tok ein prat med Simon Olsen.

Nytt bilde (3)

Kvifor sendte du inn foto til fotokonkurransen?
Eg sendte inn foto fordi ein i klassen min sa at eg det var ein fotokonkurranse som de hadde. Først tenkte eg ikkje så mye over det, men etter litt så kom eg fram til at det kunne vere litt kjekt å få ros for eit av bilda eg tok. Og det har eg jo klart.

Var det ein tekst i Sånn er det bare som inspirerte deg, eller var det noko anna?
Eg ville ikkje seie at det var ein tekst som inspirerte meg, men det var ein tekst i boken som fekk meg til å tenke. Premien var jo også eit stort dytt, sjølvsagt. Men eg likear å ta bilde, og ein konkurranse er bra for folk med konkurranseinstinkt. Det at bildet blir publisert på nettsiden verka veldig gøy, det å få vist fram eit bilde på ein slik måte hjelpte veldig til for at sendte inn bildet.

Kva er det med fotografering som engasjerer deg?
Eg starta ikkje med foto før det første året på vidaregåande, på Stend. Da læraren vår, Torbjørn, tok oss med ut og ga oss kamera. Så fekk eg tatt nokre bilde, og det å sjå resultatet blåst opp på datamaskinen, for så å få ros for bildet, var veldig gøy. Når eg først startar å ta bilde, så er eg i mi eiga verd og kan halde på med det i fleire timar. Etterarbeidet, å sjå bilda på datamaskinen, eventuelt redigere bilda, det er kjekt. Resultatet er viktig. Så veit ein kva som bør gjerast betre neste gang ein tek bilde. Så, ja, engasjert er eg rett og slett av resultatet, og av å få ros og at bilda blir lagt merke til.

Foreningen !les gratulerer Simon og Tonje, og ønskjer dei god sommar ferie. Ønskjer du og din klasse å gjere noko meir med Sånn er det bare? Les mer her om hvordan du kan bestille ein debatt til ditt klasserom.