!lesespalte: Are Kalvø

I sommarvekene har vi publisert korte intervjuer med forskjellege folk om bøker og lesing. Siste gjest i vår !lesespalte er forfattar og tøysekopp, Are Kalvø.

Skrevet august 6, 2019 i Formidling, Forskning, Nyheter Legg inn kommentar


Navn:
Are Kalvø
Tittel: Tøysekopp
Alder: 49 år

Les akkurat no:
– Jonathan Coe Middle England. Ein morosam og fin Brexit-roman frå ein av mine personlege favorittforfattarar. Dette er den tredje boka som følgjer nokre av dei same personane gjennom britisk samtidshistorie frå syttitalet fram til – ja, omtrent i går.

Første boka eg las:
– Det hugser eg ikkje. Kjedeleg svar, men av og til må ein vere ærleg, sjølv om mange sikkert ikkje svarer ærleg på dette spørsmålet.

Boka eg ville tatt med meg til ei øde øy:
Sveve over vatna av Ragnar Hovland. Eg må ha noko som er siterbart, og som eg kan le høgt av når eg siterer for meg sjølv.

Forfattar som har hatt stor betyding for meg:
– Om eg skulle svart heilt ærleg her også, ville eg sagt at eg er mykje meir prega av personlegdommar frå radio, tv, film og scene enn av forfattarar, men la meg nemne Danny Wallace då, for å tipse om noko ikkje alle veit om. Ein komikar som skriv smarte, breie og livsbejaande bøker som i stor grad handlar om at han følgjer eit rart innfall, som for eksempel å starte ein kult, seie ja til alt, eller finne alle menneske i verda som heiter Dave Gorman.

Setning frå ei bok eg aldri gløymer:
– «It was the day my grandmother exploded». Opningssetninga i The Crow Road av Iain Banks.

Sakprosabok som har gjort inntrykk:
– Boy George si sjølvbiografi, «Take it like a man».

Litterær karakter eg gjerne skulle ha vore:
– Eg skulle gjerne vore Dr Munk, skapt av den tidlegare nemnde Ragnar Hovland. Ikkje heile tida, men av og til.

Morosamste boka eg har lese:
– Eg liker jo ingenting som ikkje er morosamt. Det treng ikkje vere berre morosamt, men det må vere litt morosamt også, på ein eller annan måte, sjølv om det er botntragisk. Og alle bøkene og forfattarane eg har nemnt så langt er morosamme. Så i staden for å gjenta meg sjølv igjen, seier eg: Sjå over.

Beste lesedrikke:
– Øl.

Beste stad for lesing:
– Sofa eller tog.

Forfattar eg gjerne skulle ha kjend:
– Eg har ikkje så lyst til å bli kjend med folk eg liker arbeidet til. Eg har faktisk aktivt sagt nei til å møte folk eg ser opp til.

Sånn får eg lesetips:
– Vener. Nettet. Radio. Men mest vener.