Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Operasjon sjølvdisiplin

Ifølgje forfattaren er dette ein sjølvhjelpsbok «for deg som ikkje kan fordra sjølvhjelpsbøker, men som likevel innser at du treng hjelp». I dette utdraget handlar det om det velkjente utsetjingssyndromet.

Agnes Ravatn Samlaget 2015

PASSIV DØDSHJELP

Eller:

Kva har frykta for løver å gjere

med at du ikkje gjer leksene dine?

PROKRASTINERING ER TRULEG den mest utstrekte, og den mest fortvilande, forma for sjølvdisiplinssvikt. Alle menneske prokrastinerer (bortsett frå kanskje slike folk som Hadia Tajik, som tar tre mastergradar og lærer kinesisk mens dei er statsråd), men i sterkt varierande grad. Å prokrastinere kjem av latin, procrastinare, som betyr «å utsetje til i morgon» eller «det som angår morgondagen».

Den amerikanske psykologen Joseph Ferrari har sagt at å be ein kronisk utsetjar om å ta seg saman er som å be ein deprimert person om å bli gladare. Prokrastinering er med andre ord ikkje berre noko latskaps-surregreier ein skal kimse av, men eit ordentleg problem for den som slit med det. Men så: Kva er prokrastinering, kvifor skjer det, korleis skjer det, og korleis kan ein unngå det?

Den vanskelege definisjonen er slik: Prokrastinering er ein mekanisme for å takle «angsten» som kjem når ein må begynne på eller avslutte ei eller anna oppgåve. Den oppgåva kan vere stor eller lita, altså frå å svare på ein sms til å skrive ei masteroppgåve. Den enkle definisjonen er «aktiv utsetjing». Min personlege definisjon er: å surfe så lenge på internett at du får vondt i magen og tenker at livet ditt blir gradvis øydelagt utan at det er noko du kan gjere for å hindre det.

Prokrastinering kostar samfunnet pengar, til dømes i form av surfing i arbeidstida. Ein reknar med at minst 70 prosent av alle studentar lir av utsetjingssyndromet, og desse slabbedaskane kjem før eller seinare ut i arbeidslivet. Prokrastinering har òg menneskelege kostnader: Utsetjaren er ute av stand til å nyte fritida fordi det dårlege samvitet for alt det ein burde ha gjort, alltid formørkar tilværet. Dette dårlege samvitet kan i sin tur føre til psykiske helseplager.

Teikn på at du prokrastinerer (i tillegg til at du legg deg om kvelden og tenker fortvila: kva gjorde eg i dag? Ingenting!), er til dømes at livet ofte kjennest som ei lang rekke oppgåver som må utførast. At du kjenner deg kraftlaus og utan viljestyrke. At du alltid seier til deg sjølv kva du «må» og «burde» gjere. At det er vanskeleg å sleppe tanken på alt det som ein burde gjere, om kvelden, i helgene og i feriar. Dersom du i det heile tar deg ferie. At du alltid føler at du arbeider, samtidig som du aldri føler at du fortener kvile.

 

Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget. Utdraget var hentet fra s. 69-75.

Les meir om forfattaren her.

Les anmeldelsar av boka i:

VG

Bergens Tidende

Kva er egentleg sjølvhjelpsbøker og kva seier forskarar om slike bøker? Les her og her

Boktips:

Erik Bertrand Larssen er ein av Noregs mest kjente mentale trenarar. Han har skreve to bøker:

«Bli best»

«Helvetesuka».

Les også «Hammerkoden» av Øyvind Hammer.

Den danske psykologiprofessoren, Svend Brinkmann, har skreve ein bok mot sjølvhjelp. Les meir her.

«Sitt ned og hold kjeft: håndbok for deg som vil bli kvitt selvtilliten» av Knut Nærum

Agnes Ravatn skriv i «Operasjon sjølvdisiplin» om utsetjingssyndromet. Kva er det? Les her.

Ravatn vann Ungdommens kritikerpris i 2014 for romanen «Fugletribunalet». Les intervju med ho her.

Les ungdomsjuryens begrunnelse her.

Se Ravatns eigen spalte i Dagbladet her.

Og i Dag og Tid her.

Til toppen