Tid for ti: Ein god start med nynorsk!
Ein masteroppgåve frå Høgskulen i Volda har sett nærare på korleis Tid for ti førebur elevar på 7. trinn til å lære nynorsk som sidemål i ungdomsskulen.
Tid for ti er ein nasjonal nynorsk leseaksjon i regi av Foreningen !les og i tett samarbeid med Nynorsksenteret. Aksjonen presenterer eit breitt utval av nynorsk litteratur for elevar og lærarar på 7. trinn i norsk skule. Eit av måla er at den skal gi nynorskbrukarar auka sjølvkjensle til sitt eiga språk, og bokmålsbrukarar eit positivt møte med nynorsk kvalitetslitteratur. Sjølve aksjonen går føre seg i siste halvdel av 7. klasse, slik at elevane skal få auka motivasjon til å lese nynorsk litteratur før dei kjem til å møte nynorsk meir regelmessig på ungdomsskulen. Som student på grunnskulelærarutdanninga for 1. – 7. trinn ved Høgskulen i Volda, har Kanutte Erstad Sørgård skrive ein masteroppgåve i norsk som granskar lærarane sine erfaringar med Tid for ti.
– Då eg fekk høyre om Tid for ti, tenkte eg at dette var eit spennande prosjekt for å gjere nynorsk meir tilgjengeleg og motiverande. Eg ville derfor forske på om lærarane faktisk opplever at aksjonen motiverer elevane til å arbeide med nynorsk som sidemål, og om dei meiner at aksjonen kan førebu elevane på å lære nynorsk som sidemål i ungdomsskulen, seier Sørgård.
Gløymte av kva målform dei las på
For å finne svar, brukte Sørgård både kvantitativ og kvalitativ metode. Ho har analysert Foreningen !les sine spørjeundersøkingar i Tid for ti frå 2021 og 2022, og gjennomført kvalitative intervju med lærarar som har vore med i aksjonen.
– Både lærarane og elevane har positive erfaringar med Tid for ti. Tekstane fenger og mange av dei unge lesarane gløymte av kva målform dei las på. Dessutan førte Tid for ti til at bokmålselevar fekk meir undervisning i nynorsk enn det som i utgangspunktet var planlagd, seier ho.
I intervjua trakk lærarar fram at det var svært positivt at Tid for ti ga dei gratis og ferdig materiale.
– Det tydar på at lærarar som opplever at dei ikkje har høg kompetanse i nynorsk, likevel kan delta på aksjonen. Det kan og vere vanskeleg å finne og halde seg oppdatert på nye og engasjerande tekstar på nynorsk som passar målgruppa. Tid for ti har gitt lærarane moglegheita til å setje nettopp slike tekstar på elevane si leseliste, og desse har bidratt til å motivere elevane, understrekar Sørgård.
Litteratur ufarleggjer nynorsk
Tekstane i Tid for ti skal vere ei leseoppleving i seg sjølv, men og leggje til rette for fordjuping. Til aksjonen følgjer ei eiga nettside, tidforti.no, med tekstar, lydfiler, aktivitetar, konkurransar og lærarressursar. Ifølgje Sørgård meinte lærarane at Tid for ti skapte leseglede hos elevane, og at utdraga førte til at elevane ville lese meir. Slik såg dei at tekstane var med på å motivere elevane til å lese nynorske tekstar.
– Det var få lærarar som erfarte at tekstane ikkje motiverte elevane. Dei få som trakk fram dette grunngjev det med at elevane opplever nynorsk som framand. Ein lærar sa at leselyst er noko som generelt har blitt vanskelegare å oppnå, uavhengig om det er tekstar på nynorsk eller bokmål, seier Sørgård og held fram:
– Fleire av lærarane påpeikte at lydfilene var ein viktig ressurs som motiverte elevane. Gjennom å høyre på lydfilene kunne elevane opparbeide seg mykje dialekteksponering. Lærarar skriv for eksempel at elevane fekk erfare at nynorsk ikkje er så annleis enn bokmål som dei i utgangspunktet trudde. Dette gjer igjen at nynorsk ikkje blir oppfatta som veldig framand.
Den nyutdanna læraren oppdaga at fleire lærarar brukte Tid for ti for å førebu elevane til ungdomsskulen.
– Dei erfarer at litteraturen i Tid for ti er med på å gjere det nynorske språket ufarleg. Det blir ikkje noko ukjent, vanskeleg og skummelt. Dei positive erfaringane elevane får gjennom aksjonen, meiner lærarane er ei fin erfaring inn mot ungdomsskulen. Eg vil påstå at funna i forskingsprosjektet viser at arbeidet med Tid for ti absolutt motiverer og førebur elevar til å lære nynorsk som sidemål i ungdomsskulen.
Tid for ti på fleire trinn
Når det gjeld utviklingspotensial for Tid for ti, ser Sørgård moglegheiter i eit tettare samspel mellom grammatikk, lesing og skriving.
– Det er nokre få lærarar som skriv at dei arbeida med nynorsk grammatikk parallelt med å arbeide med aksjonen. Å kombinere grammatikkundervisning med leseopplæringa kan vere bra for språkutvikling, og her ligg det eit stort potensial som ikkje blir utnytta, seier ho og legg til at det var få lærarar som terpa på skriving på nynorsk:
– Skriveferdigheitene til elevane kan potensielt bli betre av å lese nynorske tekstar, og dersom vi ønskjer å utnytte dette potensialet, kan det vere ein idé å oppfordre elevane til å skrive nynorsk gjennom oppgåvene som høyrer til aksjonen. Kanskje burde alle eller nokre av oppgåvene til og med poengtere at elevane må skrive nynorsk, og kanskje kan fleire bli motiverte til å prøve seg fram med skrivinga?
Sørgård trur også at Tid for ti kunne fungert på fleire klassetrinn.
– Passar tekstane også for 6. trinn? Kanskje treng ein ikkje eit like stort materiale for dei andre trinna, men i alle fall ein antologi til dei yngre trinna, slik at også desse får tips til nynorske tekstar som er tilpassa målgruppa. Og så må det bli skrive fleire bøker på nynorsk, avsluttar ho.
Av Christian Goveia Jacobsen
Foreningen !les
les@foreningenles.no
Kjelde:
Sørgård, Kanutte Erstad (2023): «Etter hvert «glemte» elevene at de leste på nynorsk». Ei gransking av lærarar sine erfaringar med den nynorske leselystaksjonen Tid for ti og korleis dei meiner aksjonen motiverer og førebur bokmålselevar til å lære nynorsk som sidemål i ungdomsskulen. Høgskulen i Volda. https://hdl.handle.net/11250/3076074