Fleire nynorske bøker, takk!
Sidan 2016 har Tid for ti formidla nynorske bøker til elevar på sjuande trinn i heile Noreg. Bøkene engasjerer, skapar gode samtalar i klasseromma og blir lånte ut på biblioteka. Likevel: Vi ønskjer oss fleire nynorske bøker for unge lesarar, og håper fleire forlag tek oppfordringa.
Tid for ti er ein nasjonal, nynorsk leseaksjon av Foreningen !les i samarbeid med Nynorsksenteret. Målet er å presentere eit breitt utval av nynorsk litteratur for elevar og lærarar på sjuande trinn i norsk skule. Aksjonen skal gi lesarane smakebitar på bøker som i seg sjølv gir ei god leseoppleving, men utdraga skal og inspirere til fordjuping og til å lese heile bøkene som utdraga er henta ifrå.
Aksjonen har og eit mål om at nynorskbrukarar skal få auka språkleg sjølvkjensle, og å gi bokmålsbrukarar eit positivt møte med nynorsk kvalitetslitteratur. I tillegg skal Tid for ti oppdatere lærarar og bibliotekarar på bøker og ressursar dei kan bruke i møte med lesarane.
Hjartet i Tid for ti er ein antologi med utdrag frå ti nynorske bøker tilpassa målgruppa. Opplaget starta på 15 000, men på grunn av stor etterspurnad har det auka til 26 000. Til aksjonen følgjer ei eiga nettside, tidforti.no, der tekstutdrag, lydfiler, aktivitetar, konkurransar og lærarressursar er tilgjengelege. Mangfald er viktig i Tid for ti, så tekstane i antologien skal ha breidde i sjanger, tema, hovudpersonar, nivå osv. Lesarane skal finne noko dei likar, men og noko dei ikkje visste at dei likte.